Eg trur vi vil sjaa moglegheiter vi ikkje saag foere oss
STARTA I SOMMAR: Daniel Garden starta i jobben som leiar av Ulstein Næringsforum i sommar. Han har trua på Skaparhuset-prosjektet i Ulsteinvik sentrum. 
Nytt

– Eg trur vi vil sjå moglegheiter vi ikkje såg føre oss

I fjor hadde næringskommunen Ulstein verken næringsforum eller ein uformell møteplass for bedriftene. No er begge delar på plass. 

Marius Rosbach
04.12.2019
Måndag blei for kva den komande møteplassen i Ulsteinvik sentrum skal innehalde. Ein av partnarane i prosjektet er Ulstein Næringsforum som blei starta opp tidlegare i år.
Leiar Daniel Garden i næringsforumet trur at Skaparhuset vil vere til nytte for bedriftene, men at næringslivet også kan bidra andre vegen.
– Eg trur vi vil sjå moglegheiter vi ikkje såg føre oss, når dette kjem i gong, seier han til NETT NO.

Ser fleire bruksområde

Mange, spesielt små og mellomstore bedrifter, har avgrensa lokalar som kan gjere det utfordrande berre å halde ein kundepresentasjon i profesjonelle rammer.

– Då kan Skaparhuset vere ein fellesarena der dei kan kome og nytte lokala på ulike vis. Vi i næringsforumet lånar til dømes ut våre lokale i dag, til mindre bedrifter som vil møter, seier han.
Undervisning, avduking av produkt eller det å lage praktiske ting som messeveggar er andre bruksområde Garden seg føre seg for møteplassen.
– Vi ser også at det er mykje kompetanse i ulike bedrifter som forsvinn når folk pensjonerer seg. Dei kan ha ei eigeninteresse av å bruke eit slikt lokale. Kanskje er det folk som hadde ein ide medan dei var i arbeidslivet, som aldri blei gjennomført – som dei kan kome hit og jobbe med, håpar han.

Les også:


Merkar god respons

Ørstingen som har bakgrunn frå det franske storkonsernet Saint-Gobain og er utdanna diplomøkonom ved BI i Bergen, starta som leiar av næringsforumet i sommar, etter at kommunen i fleire år har vore utan eit slik samlande forum.
Ulstein marknadsforum blei lagt ned etter å ha arrangert Ulsteindagane i 2010. Dei siste åra har Ulstein Næringslag samla handels- og servicebedriftene. Ein har også organisasjonar som Maritim Foreining for søre Sunnmøre (Mafoss) og Maritim Forum Nordvest lokalisert i kommunen, som samlar delar av næringslivet.
Ulstein-ordførar at eit næringsforum har vore eit «kjempesakn» i kommunen.
Næringsforumsleiar Garden fortel at dei har fått mange innspel etter at dei starta opp. Han opplever at dei er blitt ein kanal der bedrifter kan løfte idear, eller ta opp saker dei kanskje ikkje vil gå ut med på eiga hand.
– Vi meiner Ulstein kanskje er den fremste næringslivskommunen på Sunnmøre, men vi har ein del utfordringar til dømes med einsidig næringsliv. Det betyr at det er viktig å styrke den delen av næringslivet som er svakast, seier Garden – men påpeiker at dei også vil ta vare på den styrken som ligg i skipsindustrien.
Konkrete prosjekt, utvikling av tomteareal eller synspunkt på fylkeskommunale kutt, er typiske saker der bedrifter har teke kontakt med næringsforumet.

Les også:




Engasjement mot ferjeauke

Auke av ferjetakstar og kutt på yrkesutdanning er mellom sakene som har vekt stort engasjement den siste tida – og der . Garden meiner det er viktig at ikkje terskelen for å pendle til arbeid inn til Ulstein kommune blir for høg.
– Ferjetakstane i vårt område har allereie auka ein del. Så er det føreslått å auke endå meir. Vi har ein del innpendling til Ulstein, og mykje av fagkompetansen kjem til øya med ferje. Vi må ikkje kome til det punktet at folk som er ute etter jobb, lar vere å søke seg hit på grunn av slike ting, seier han.
Dei er også ein kampsak for fleire i næringslivet.
– Sjølv om det er kostbare linjer, er det mange som saknar litt meir kreativitet for å ta vare på desse utdanningane. Det gir oss konkurransefortrinn, og det treng vi heile tida, seier Garden.

Motstandarar av skulekutt

Ulstein vidaregåande står i fare for å . Berre Haram får behalde linja som kombinerer skulegang og arbeid, med forslaget som no ligg på bordet.
– Bedriftene seier til oss at dei som har gått desse linjene har ei heilt anna tilnærming til faget sitt, enn dei som berre har fagbrev, eller kjem frå ingeniørutdanning. Det har felle mange tungt for brystet at den er foreslått nedlagd, fordi dei meiner det er ein knakande god ide, seier han.
Garden meiner fylkeskommunen på mange måtar også er flinke til å drive næringsutvikling. Han viser til at Skaparhuset er blitt ein realitet takka vere fylkeskommunale midlar.
– Samtidig som vi får nokre skot for baugen, forstår vi også at det er tøft for fylkespolitikarene å balansere økonomien, seier han.

Les også:




Tidlegare TAF-elev:


Vi ser også at det er mykje kompetanse i ulike bedrifter som forsvinn når folk pensjonerer seg. Dei kan ha ei eigeninteresse av å bruke eit slikt lokale.

Publisert: 04.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46