Eggesboe samlar kvoter paa faerre baatar
FIRE BÅTAR: Gjennom PME-konsernet er Per Magne Eggesbø stor eigar i fire fiskebåtar, tre i pelagisk fiske og ein som fiskar torsk og annan kvitfisk.
Nytt

Eggesbø samlar kvoter på færre båtar

Etter sal og samanslåing er fiskekvotane Per Magne Eggesbø er medeigar i samla på fire båtar.

15.09.2015
I 2008 samla Eggesbø investeringane sine i PME-konsernet. Fiskeri er hovudverksemda, men konsernet har og investert i aksjar, obligasjonar og eigedom.
Frå 2008 og fram til og med 2014 er det samla overskotet i konsernet passert 290 millionar kroner.

To eldre farty

Under PME-paraplyen er det to eldre fiskefarty. Begge har så mykje fiskekvote som det er råd å ha.
Selskapet Eros, der PME eig 50,5 prosent av aksjane, eig i sin tur ein tredjepart av selskapet Herøybas som eig og driv pelagisk trål/ringnotfartyet "Herøy" frå 1997.
Eros er og blitt medeigar i fiskebåtreiarlaget Traal og den pelagiske fiskebåten med same namn (38 prosent) Det skjedde i år, etter at ei samanslåing med fiskebåtreiarlagat Herøyfjord as der Eros var medeigar. I samband med samanslåinga selde Herøyfjord as sin fiskebåt "Herøyfjord" og samla kvotane på "Traal".

Byggjer nytt

Gjennom Eros er Eggesbø stor aksjonær i fiskebåtreiarlaget Ramoen, som har ein fabrikktrålar under bygging med same namn.
Avskriving på den investeringa er med på å trekkje ned overskotet og vil gjere det i åra framover, slik Eggesbø varsla i fjor, men resultatet før skatt er likevel over 13 prosent av driftsinntektene. I 2013 hadde han dessutan ein salsgevinst på 19,2 millionar kroner.

Satsar nytt

Ramoen er ikkje einaste nysatsinga på fiskeri for Eggersbø.
Eros eig fiskebåten Eros, som vart bygd i 2012. Eros er ein kombinert pelagisk trålar og ringnotfarty.

Publisert: 15.09.2015 12:07

Sist oppdatert: 17.06.2021 18:47