Nexans Aurora sea trial IMG 0073 CR Ulstein Group Foto Ulstein Group
MÅ HA MEIR: Kabelleggingsfartøyet Ulstein Verft byggjer for Nexans på prøvetur på Sunnmøre i vår. I år skal Ulstein Verft og andre norske skipsverft levere skip for 18,5 milliardar kroner. Foto: Ulstein Group
Nytt

Lite påfyll for skipsverfta

I løpet av dei to neste åra skal norske skipsverft levere skip for 29,6 milliardar kroner. Kontraktsinngangen hittil i år er alt for mager til å fylle opp ordreboka igjen.

16.05.2021

11 kontraktar. Oppdrag for 2,2 milliardar kroner. Det er status for ordreinngangen til norske skipsverft hittil i år, i følgje sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.

Det er langt under det verfta må ha inn i nye oppdrag for å oppretthalde aktiviteten. Ordrereserven, omfanget av oppdrag verfta har å arbeide med, går ned og vil falle vidare om ordreinngangen i 2021 blir på same nivå resten av året som den har vore hittil i år.

I løpet av 2021 skal det leverast i alt 29 skip med ein samla kontraktsverdi på 18,5 milliardar kroner. I 2022 skal det leverast 25 skip for 11,1 milliardar kroner.

Også i fjor krympa ordrereserven. Ved starten av 2020 hadde norske verft 75 skip til 41,6 milliardar kroner under bygging. Ved starten av 2021 var det krympa til 57 skip og 31,8 milliardar kroner.

Uroa og skuffa
Administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft er både uroa og skuffa over utviklinga skriv han i eit innlegg i NETT NO i dag.

Uroa på vegne av verfta, og skuffa over korleis norske styresmakter reagerer.

"Med disse tallene er det enkel matematikk at 2023 kan bli et dramatisk år for verftsindustrien og sysselsettingen i distriktene. Ordreinngangen er under angrep, både fra C19 (koronaviruset, red. merk) og fra et norsk virkemiddelapparat uten stø kurs.", skriv Strønen i eit debattinnlegg i NETT NO.

Han peikar både på krav om at verfta åleine må betale for arbeidet med opprydding av forurensa sjøbotn og almengjering av tariffavtalar som fordyrande offentlige krav.

Strønen har også nyleg etterlyst betre statlege ordningar for å få finansiert bygging ved norske verft og at også skipsverfta kan få støtte til bygging av landstraumanlegg.

"Det er helt uforståelig at ikke en overordnet norsk myndighet klarer å se det store bildet, og aktivt vurdere om dagens verftstruktur er verd å beholde? Slik det er nå, sitter en rekke myndighetsorganer på hver sin tue og sender ut enten støtteerklæringer eller kostnadsdrivere", skriv han i innlegget.

Lite også i fjor
Påfyllet av nye oppdrag var også i fjor for lite til å fylle opp igjen ordreboka.

Då fekk norske verft 23 kontraktar til 6,6 milliardar kroner.

I løpet av dei seks siste åra er det berre i 2018 verfta hadde ein ordreinngang som gjer at verfta kan utnytta byggekapasiteten. Det er ein relativ lang periode med så laber aktivitet.

I fjor gjekk Kleven Verft konkurs og starta på nytt med nye eigarar. Havyard Group har varsla at selskapet ikkje vil satse på nybygging inntil vidare, men heller på ombygging, reparasjon og vedlikehald.

Dermed er det berre Ulstein Verft og Vard-konsernet som av dei fire store skipsbyggingsselskapa som er i nybyggingsmarknaden.

Norske Skipsverft registrere alle skipsbyggingskontraktar over 50 millionar kroner. Det fangar mesteparten av aktiviteten hos dei store og mellomstore verfta, men gir ikkje det fulle biletet.

2019-tala, som er dei sist tilgjenglege for alle skipsverfta, viser og at det først og fremst var dei store selskapa som gjekk i minus. (Sjå tabell under)

Resultat for norske skipsverft
Tal i mill. kroner K= Konsern
Selskap Driftsinntekter Resultat før skatt
2019 2018 2019 2018
Vard Group (K) 7938,4 7485,6 -1979,8 -2138,4
Ulstein Verft 2199,2 1691,9 -224,8 -119,2
Havyard Ship Technology 1727,7 1607 -273 -178,4
Fitjar Mek. Verksted 1012,9 638,7 26,6 -16,8
Aas. Mek Verksted 921,4 372,5 34,4 7,3
Moen Marin 526,8 448,6 34,7 26,4
Larsnes Mek. Verksted 512,5 460 2,3 -4
Fiskerstrand Verft 428 248,8 22,7 1,4
Brødrene Aa (K) 403 545,5 -1,4 18,9
Myklebust Verft 380 805,7 24,6 -1
Båtbygg 379,3 241,5 19,1 16,2
Oma Baatbyggeri 235,2 128,1 13,5 -6
Vegsund Slip 233,8 151 34 19,4
Sletta Verft 211,3 185,2 5,2 2,4
Stadyard 205,2 259,8 3,7 -7
Vaagland Båtbyggeri 182,3 244,7 -13,9 -19,7
Fjellstrand 95,1 199,3 -1,1 -9,3
Solstrand Verft 82 45,1 5,1 0,8
Salthammer Båtbyggeri 59,5 67,6 1,3 3,4
Måløy Verft 40,1 36,1 -11,4 1,4
New Havyard Ship Technology 30,8 0,6
Hellesøy Verft 2,8 9 -4,2 -3
Fosen Yard Holding (K) 749,5 17,9 425 -20,1
Kleven Prosjekt 401 2002,4 -348,7
SUM 18556,8 17892 -1856,8 -2774

Publisert: 16.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 15.05.2021 22:21