Har «trimma» logistikken til kjempeoppdrag
Denne veka er dei fleste arbeidarane tilbake i jobb ved Ulstein Verft. For første gong tek også skipsbyggarane i bruk nye logistikkmetodar for å ha full oversikt.
Måndag kjem ein rekke arbeidarar ved Ulstein Verft tilbake på jobb for å arbeide på skroget som i løpet av eit drygt år skal utrustast til eit topp moderne kabelskip. Skipet vil få namnet Nexans Aurora.
– Vi treng mange hender for å bygge dette skipet, fortel verftsdirektør Lars Lühr Olsen til NETT NO då han tek i mot NETT NO, saman med prosjektleiar Frode Beyer i Nexans.
Skipet er designa av Skipsteknisk i Ålesund og er med sine 149 meter, eit av dei største skipa verftet har levert nokon gong. Dei har hatt nokre større skip – Color Hybrid og Island Venture – som begge var om lag 160 meter lange.
Men kabelskipet fyller også dokkhallen godt i høgda – og vel så det: For å få plass, måtte ei mast på toppen kappast av.
Ulstein Group har no kring 300 tilsette på skipsbygging, som omfattar Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon. Verftet har hatt ein betydeleg del av arbeidsstokken ute i permisjon, men no er dei aller fleste tilbake på jobb.
Er truleg sikra lønnsemd
Skroget er bygd ved Crist-verftet i Polen, som Ulstein har samarbeida med dei siste åra. Olsen er svært nøgd med korleis jobben er løyst.
– Det er lagt eit godt grunnlag for å få eit godt prosjekt for Ulstein Verft, og eg trur det blir ei fin reise, seier han.
Nærare kjem ikkje NETT NO eit klart svar frå verftsdirektøren på korleis økonomien i oppdraget er. Ulstein Group sikra seg kontrakten etter at det kroatiske verftet som først blei valt, fekk økonomiske problem. Det betyr truleg at verftet har fått ein avtale som vil gi god lønnsemd.
Loggar arbeid via telefonen
Ei anna årsak til at verftsdirektøren er optimistisk på vegner av prosjektet, er at dei har forbetra logistikken internt på verftet.
– Alt som kjem inn til prosjektet får no eit nummer. Slik kan vi ha full oversikt over kvar ting er til ein kvar tid, og forbetre flyten internt. Dette er eit nytt verktøy vi tek i bruk og systemet vil for første gong bli brukt fullt ut på dette skipet, fortel Olsen.
Han har stor tru på at verktøyet skal gi positive utslag i prosjektet.
– Til dømes har vi kring 8500 kablar som skal om bord og alle er sjølvsagt skikkeleg merka. I tillegg er vi no i ferd med å innføre ein app for dei som trekker kablar, slik at dei som gjer jobben kan logge via telefonen når kabelen er lagt, og kvar. Det gir også leiinga for produksjonen oversikt, fortel Olsen.
Godt eksempel på norsk ekspertise
Prosjektleiar Frode Beyer i Nexans er overtydd om at denne kunnskapen hos norske verft, er avgjerande for at det framleis skal vere skipsbygging her til lands i framtida.
– Den logistikkøvinga i arbeidet med eit slikt skip, er eit veldig godt eksempel på den norske ekspertisen på dette feltet. At skipsindustrien overlever i Norge er avhengig av kompetansen verfta har på dette området, kommenterer Beyer.
Les også: Vil framskunde skattefordel
Fylkesutvalet støttar Ulstein-forslag
Fryktar krise langs kysten utan strakstiltak
Mykje laga klart på førehand
Sjølv om skroget først kom til verftet førre veke, starta arbeidet allereie for kring to år sidan. På eit slikt skip er det både ein lengre periode med prosjektering og omfattande planlegging av korleis arbeidet skal gjennomførast.
– Det er mykje førebuingar som skjer andre stader enn på teiknebordet, fortel Olsen.
Ved røyravdelinga har industrimekanikarar og sveisarar allereie jobba i fleire månader med å lage til og tilpasse dei mange ulike røyrdelane som skal om bord. Kutting av kablar, klargjering av maskinmodular eller system for vasskjøling er eksempel på anna arbeid som gjerast på førehand.
– Vi har masse utstyr som er gjort klart, slik at vi er godt budde. Det er viktig for oss å begynne å jobbe med prosjektet både mentalt og fysisk, før sjølve skroget kjem til verftet, fortel Olsen.
Noko av det første som skjer framover er stålarbeid, der det blir gjort plass til seks store dieselmotorar frå Rolls-Royce i Bergen. Også røyrleggjarar og industrimekanikarar er faggrupper som er tidleg inne i dette arbeidet.
Litt forsinka grunna korona
Skroget kom til Sunnmøre litt forsinka, fordi koronapandemien skapte trøbbel i høve bemanninga ved skrogverftet. Men alt i alt har prosjektet slept større problem som følgje av pandemien.
– Mange av dei store leveransane hadde kome sopass langt då koronaen kom, at vi slapp unna det verste. So langt har det løyst seg bra, så kryssar vi fingrane for at det held fram, seier Frode Beyer i Nexans.
Største «kabeltrommelen» av sitt slag
Prosjektleiaren fortel at dei framleis brukar skipet Nexans Skagerrak, bygd i 1976, til denne type arbeid som Nexans Aurora skal utføre. Med det nye flaggskipet håpar dei å sikre seg større delar av marknaden. I tillegg vil dei kunne gjere fleire jobbar enn før.
– Nexans Skagerrak gjer framleis ein god jobb, men marknaden er i vekst. Det dreiar seg både om å knyte saman nettverk mellom ulike landområde, kablar frå øyar til fastlandet og til vindmølleparkar, eller elektrifisering av olje- og gassfelt, fortel han.
Beyer fortel at skipet er bygd kring plattforma som skal handtere kablane.
– Det er ei skive på midten av skipet som kan ta 10.000 tonn, der kablane ligg samla. Det er den største i sitt slag i verda, med moglegheit til å dele i to ulike kammer. Slik kan vi til eksempel handtere to kablar samtidig, fortel han.
Viktig å handtere kablane varsamt
Ein av dei viktigaste oppgåvene til «leggeverktøyet» på skipet, er å handtere kablane skånsamt, og unngå skader. Difor har dei også utstyr til å handtere kablane på ulikt vis, alt etter djupne og andre forhold ved oppdraget.
– Vi kan legge ut to kablar samtidig, eller vi kan bunte dei saman, forklarar Beyer.
Prosjektleiaren fortel at det vert installert eit solid anlegg for landstraum ombord, i tillegg er det gjort klart for å ta om bord batteri på eit seinare tidspunkt.
– Slik maskineriet er dimensjonert om bord på dette skipet, såg vi ikkje at det var fornuftig å installere batteri no i starten. Skipet skal gjerne ligge heilt inne i fjøresteinane og legge kabel inn mot land, eller legge kablar i lange strekk. Med den driftsprofilen og krafta ein må ha tilgjengeleg, så er det ikkje fornuftig. Men etter kvart kan det vere aktuelt, legg Beyer til.
Les også: Fekk kontrakt etter å ha tapt på målstreken sist
Har hatt mellom 150 og 200 tilsette permitterte
Jobbar for å teste og klargjere nytt cruiseskip på Ulstein
Sjøsette første eigenbygde for cruise
Analyse: Tynnaste ordrebok på 60 år
Alt som kjem inn til prosjektet får no eit nummer. Slik kan vi ha full oversikt over kvar ting er til ein kvar tid, og forbetre flyten internt.
Publisert: 23.06.2020 05:55
Sist oppdatert: 31.05.2021 23:04