Aas Provider foto Wikimedia Commons
FORSØKTE LEGGE OM: Aas Kystservice forsøkte leige ut Aas Provider til seismiske undersøkingar, etter at det blei færre oppdrag for oppdrettsbransjen. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Eigarselskapet til reiarlag slått konkurs

Både skip og eigedom i buet. Uvisst kva som blir att til kreditorane.

Marius Rosbach
20.02.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i 3A Invest etter at leiinga melde oppbod. Selskapet var eigar av aksjane i Aas Kystservice på Vestnes, som gjekk til skifteretten same dag.

Anna Reistad er bustyrar i begge sakene, og fortel at ho har vore i dialog med leiinga i selskapet.

– Førebels er det tidleg i bubehandlinga, og eg jobbar med å få oversikt over kva som er status, fortel ho til NETT NO.

– Uvisst om det er dekning
I rettspapira for konkursen til eigarselskapet er det opplyst å vere gjeld på kring 6,3 millionar kroner. For Aas Kystservice-selskapet vart det opplyst å vere gjeld på kring 1,8 millionar.

Buet er kjent med pantekrav av vesentleg større verdi, utan at dei per i dag har full oversikt over sikkerheita for underliggjande krav.

I utgangspunktet er det verdiar i buet ved fartøyet Aas Provider og ein eigedom. Bustyraren fortel at pantekrav ikkje er undersøkt nærare, og at det førebels ikkje er kome inn andre krav.

– Det er uvisst om det er dekning til dei usikra kreditorane, svarar ho på utsiktene til å realisere verdiar i buet.

Forsøkte legge om drifta
Vestnes-reiarlaget har tatt på seg oppdrag både i oppdrettsnærings og oljebransjen, men slitt tungt økonomisk i fleire år.

I mai fekk dei leigd ut Aas Provider som følgjebåt til seismiske undersøkingar, etter at den tidlegare har hatt oppdrag for oppdrettsnæringa. På grunn av mangel på oppdrag vart skipet lagt i opplag i Vestnes i august i fjor.

Tidlegare i år gav Møre og Romsdal tingrett fem tilsette medhald i krav om arrest i fartøyet, som pant for lønskrav mot selskapet. I dommen kom det fram at manglande lønsutbetalingar skuldast at selskapet mangla pengar å betale med.

Frifagbevegelse fortalde denne veka historia til dei ukrainske sjøfolka som gjekk til retten.

Publisert: 20.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.02.2024 09:39

Mer om