Ordfoerarar positive til signal fraa distriktsministeren
VURDERER LOKAL AVGIFT: Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H), seier ho vil sjå nærmare på kommunane si moglegheit til å etablere betalingsordningar. Biletet er frå Geiranger sommaren 2017.
Nytt

Ordførarar positive til signal frå distriktsministeren

Ordføraren Jan Ove Tryggestad i Stranda er positiv til at distriktsministeren vil opne for at turistkommunar sjølve kan påleggje turistar besøksbidrag.

06.07.2020
NPK: – Heilt i tråd med mi verkelegheitsoppfatning, seier Stranda ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).
Under spørjetimen i Stortinget denne veka, svara distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) at ho er positiv til eit lovpålagd besøksbidrag som kommunane sjølve kan påleggje turistar som vitjar kommunen.

Utelukkande positivt

Fleire reiselivsdestinasjonar har tatt til orde for turistskatt. Ordføraren i Stranda har tidlegare peika på at kommunen ikkje klarer å møte den auka turiststraumen, og ønskjer moglegheit til å krevje avgift frå besøkande.
– Signala frå ministeren tolkar eg utelukkande positivt, då det opnar for å ha bidrag knytt til definerte geografiske område. Eg meiner det skal vere ei målretta avgift i eit område som er sterkt belasta, seier Tryggestad.

– Viktig med statleg vedtak

Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal (Sp), vil ikkje at det skal vere opp til enkelte selskap å krevje inn avgift, og ønskjer seg ein nasjonal turistskatt.
– Vi er opptekne av å få på plass ei ordning der ein betalar når ein kjem til reisemålet, ikkje at kvar enkelt bedrift må krevje avgift. For oss er det viktig å få eit statleg vedtak på dette, og vi ønskjer oss heimel til innkrevjing av eit bidrag for å vere i destinasjonen, seier Skjerdal.

Trur på prøveprosjekt

Ordføraren har trua på at det vil komme på plass eit prøveprosjekt i nærmaste framtid, og tolkar signala frå distriktsministeren som positive.
– Ein må sørgje for ei ordning der nokon forvaltar midlane og sikrar at dei går til det føremålet som er tenkt.
Positiv til besøksbidrag
Distriktsministeren oppmoda også kommunane til i endå større grad å nytte seg av moglegheita til å ta betalt frå turistar gjennom til dømes renovasjon, søppel eller parkering.
– Men då skal innkrevjinga knytast direkte til den tenesta eller infrastrukturen som blir tilboden, ikkje generelt til besøkande i området, sa Helleland frå talarstolen på Stortinget.

Opnar for lokale avgifter

Regjeringa har vore klar på sitt standpunkt om nei til turistskatt. Noko også dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen påpeika under eit møte om overturisme i januar, der fleire reiselivsdestinasjonar tok til orde for turistskatt.
Den nye distriktsministeren er også tydeleg på regjeringa sitt standpunkt, men opnar for lokale løysingar:
– Vi må sjå på om moglegheita til å ta lokale avgifter er fleksibel nok til å dekke behovet kommunane har. Eg vil, i samarbeid med andre departement, sjå nærmare på kommunane si moglegheit til å etablere betalingsordningar, skriv Helleland i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Publisert: 06.07.2020 21:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52