IMG 4734
OSLO TINGRETT: Akers forsvarsteam består av advokatane Jon Christian Thaulow (t.v.), Arne Tjaum og Atle Skaldebø-Rød. Dei meiner Solstad-aksjonærane kom langt betre ut av Aker-avtalen, enn ein har sett i restruktureringar i andre offshore-rederi. Foto: Grunde Grimstad
Nytt

– Eigentleg er dette ei solskinnshistorie

Aker meiner Sveaas og småaksjonærane har kome godt ut av Solstad-saka.

Grunde Grimstad
06.11.2025

Torsdag starta Aker-advokat Atle Skaldebø-Rød sitt innleiingsforedrag i Oslo tingrett. Han avviser at det eksisterte noko andre reelle alternativ for å redde Solstad-reiarlaget enn refinansieringsavtalen som Aker fekk i stand.

Aker Capital er ein av aktørane som Christen Sveaas-selskapet Kistefos skuldar for å ha snytt aksjonærane for milliardbeløp under redningsoperasjonen av Solstad Offshore i 2024.

Stor skilnad i synet på verdiane
Kistefos meinar Aker fekk ta over delar av Solstad-flåten til underpris då ein stor del av skipa vart overført til eit nytt dotterselskap «Solstad Maritime». 

Verdien på desse skipa var sett til 1,5 milliarder kroner, og avtalen gjorde at  Aker gjekk inn med 3,25 milliarder kroner i frisk kapital. 

Kistefos meinar den reelle verdien på skipa var mellom 7,7 og 10,1 milliardar. 

«Fantasilliard»-verdsetting
Skaldebø-Rød sa i retten at verdien på 1,5 milliardar var i tråd med marknaden. 

Han viste til ei rekke liknande restruktureringsavtalar i andre offshoreselskap der småaksjonærane har kome langt dårlegare ut av det, enn Kistefos og dei andre småaksjonærane.

– Ingen annan investor ville betalt noko over dette, og i alle fall ikkje noko i nærleiken av dei fantasilliard-verdsettingane som Kistefos kjem trekkande med, sa advokaten.

– Har kome svært godt ut 
– Eigentleg er dette ei solskinnshistorie der aksjeeigarane har kome svært godt ut av det, konstaterte Skaldebø-Rød.

Han meinte også at avtalen var godt innanfor lovverk og vanleg forretningspraksis.

– Avtalen var ikkje i nærleiken av å bevege seg i yttergrensene av det lovlege eller akseptable i denne saka, sa  han.

Friske forhandlingar
Skaldebø-Rød avviste at Aker har lagt noko utilbørleg press på Solstad-styret, leiinga eller andre aktørar i prosessen, trass dei friske uttalane i lydopptaka som er blitt lagt fram som bevismateriale.

– Ein må hugse på at det vi høyrer er profesjonelle, erfarne og høgt kompetente aktørar som argumenterar knallhardt for sine interesser, sa Skaldebø-Rød.

Det har rett nok vore høg temperatur, men dette er folk som kan handterer presset
Atle Skaldebø-Rød

– Det har rett nok vore høg temperatur, men dette er folk som kan handterer presset utan å la seg påverke. Det er berre eit teikn på at partane har vore heilt uavhengige, og at det har føregått harde, reelle forhandlingar. 

Hevdar Maximus-krav var hinder
Aker viser til at Solstad hadde fleire samtalar med bankar og gjorde forsøk på andre avtalar for å berge selskapet frå konkurs. 

Det var hovudsakleg det såkalte Maximus-kravet som gjorde at desse ikkje førte fram.  

Kravet på 1,8 milliardar mot Solstad var frå ei gruppe bankar som var kreditorar for eit bygggelån for skipet Normand Maximus. Finansieringa var sikra med ei langtidskontrakt med Saipem, men då denne vart kansellert av kunden, stilte kreditorane Solstad ansvarleg for tapet.

Solstad klarte seinare å forhandle fram ein avtale om å innfri kravet for 200 millioner kroner.

IMG 4750
OSLO TINGRETT: Aker-sjef Øyvind Eriksen (t.h.) tidlegare i rettssaka i kjølvatnet av Solstad-refinansieringa. Foto: Grunde Grimstad

Publisert: 06.11.2025 16:13

Sist oppdatert: 06.11.2025 16:13

Mer om