Eriksen og Kistefoss advokatr fo0ro Grunde Grimnstad
MØTE I RETTEN: Akersjef Øyvind Eriksen (med ryggen til) helsar på Kistefos sin advokat Olav Perland før rettsaka starta i dag.Foto: Grunde Grimstad
Nytt

Solstadsaka: Skuldingar om betydeleg underpris

Eksterne vurderingar viser at Aker fekk ta over indrefileten av Solstad Offshore til spottpris, meiner Kistefos.

Grunde Grimstad
07.10.2025

Kjerna i striden mellom Kjell Inge Røkkes Aker og Christen Sveaas sitt Kistefos er restruktureringa av det då kriseramma offshoreselskapet Solstad Offshore ASA i 2023 og 2024. 

Solstad hadde på det tidspunktet 13 milliardar kroner i gjeld med forfall våren 2024.  Då hadde Solstad blitt ein av verdas største offshoreaktørar med over 100 skip, mellom anna etter fusjon med Farstad Shipping. 

Aker si løysing på krisa var at 35 av skipa, som Kistefos meinar var «indrefileten» av Solstad-flåten, vart overført til det nyoppretta selskapet Solstad Maritime, der Aker vart hovudeigar.

I denne transaksjonen vart verdien på denne flåten vurdert til 1,5 milliardar. 

Ifølge Kistefos´advokatar var den reelle flåteverdien på mellom 7 og 10 milliardar, noko dei meiner viser at Aker fekk skipa til ein betydeleg underpris og dermed har berika seg grovt på småaksjonærane sin kostnad. 

Advokatane byggjer sine vurderingar på eksterne anslag dei fekk henta inn frå Fearnleys og Oslo Economics.

Hevda restrukturering vart pressa gjennom
Kistefos sin advokat Olav Fr. Perland opna første dag i retten med skuldingar mot Aker om å ha utøvd utilbørleg press på Solstad-styret, grov forskjellshandsaming av eigarane, ureint spel, billegsalg av båtar og milliardtap for småaksjonærane. 

Sveaas hevdar restruktureringa vart pressa gjennom, sjølv om  offshoremarknaden var på full fart inn i ein høgkonjunktur med gode rater, og at det derfor ikkje ville vere vanskeleg å refinansiere gjelda hjå bankar og långivarar.

– Fullt av konspirasjonar
Frå Solstad/Aker-sida avvisast påstandane blankt. Dei hevdar tvert imot at det er Kistefos sin argumentasjon som er full av konspirasjonsteoriar og faktafeil - og at alternativet for småaksjonærane var å miste alt.

– Det er faktisk ikkje mykje i slutterklæringa frå Kistefos som er riktig, sa Marius Morsund Gisvold, som representerte Pareto.

Erstatningskrav
Verdien på båtane som vart overført til det nye Aker-dominerte selskapet i restruktureringa, var på 1,5 milliardar kroner. 

Sveaas sin advokat Olav Perland sa at to eksterne vurderingar frå  Oslo Economics og Fearnley Securities seinare har anslått verdien på denne flåten til henholdsvis 7,1 og 10,2 milliardar kroner. 

Kistefos og småaksjonærane krev erstatning for sin del av selskapet sitt tap på transaksjonen. Kravet er på mellom 42 og 57 kroner per aksje, som for Kistefos vil bety mellom 730 og 1.400 millionar kroner.

Omfattande sak
Sveaas, saman med 45 småaksjonærar, står bak søksmålet mot styremedlemmer i Solstad Offshore og Aker Capital ved styreleiar Kjell Inge Røkke,  samt meglarhuset Pareto Securities som var finansiell rådgivar for Solstad Offshore i refinansieringsprosessen.

Det er sett av ni dagar til Kistefos sitt innleiingsforedrag, inkludert to heile dagar til avspeling av lydopptak frå styremøte.

Dei to hovudpersonane møtte ikkje opp i tingretten tysdag, men Røkke skal etter planen avlegge si vitneforklaring 4. desember.

Over tre månadar er sett av til saka.

Heile 16 advokatar, 31 vitne og 10 sakkyndige skal i sving i Oslo tingrett når finansprofilane skal gjere opp status om Solstad Offshore. 

Komplisert kabal
Bevisførselen inkluderar ei rekke sentrale lydopptak frå styremøte og forhandlingar mellom Aker og Solstad.

- Retten vil nok få inntrykk av at forhandlingane var tøffe, og at det kanskje ikkje alltid blei ført saklege argument, men det er normalt i ein sånn prosess, sa advokat Mathias Tveten, som også representerer Pareto.

Saka skal vare heilt fram til 16. januar neste år, og med ein skokk av profilerte vitner og andre deltakarar skriv Oslo tingrett at dei har hatt eit stort arbeid med å få kabalen til å gå opp.

Dommar i saka er Helen Engebrigtsen.

Publisert: 07.10.2025 16:19

Sist oppdatert: 01.12.2025 08:10

Mer om