Kjølmoen vart attvald som Arbeidarpartiet sin førstekandidat for Møre og Romsdal i stortingsvalet i haust. No er han skuffa over sitt eige parti.
I går kveld fekk han meldinga om at partiet har vraka Stad skipstunnel. 9,4 milliardar kroner, som er det siste kostnadsoverslaget, er for dyrt og andre ting er viktigare meiner statsminister Jonas Gahr Støre.
– Det har vore ein kamp heile vegen for dette prosjektet og då er det sjølsagt tungt å få denne meldinga heilt på oppløssida til realisering, så det har ikkje vore nokon god dag på jobben akkurat, seier Kjølmoen.
Gir ikkje opp
Kjølmoen lovar at han ikkje vil gi seg, sjølv om regjeringa har sagt nei.
Arbeiderpartiet treng støtte frå andre parti for å få vedtatt statsbudsjettet for 2026. Det betyr at det framleis er håp for tunnelen, etter Kjølmoen si vurdering.
– Eg skal gi det eg kan for at dette kan forhandlast inn i budsjettet-forliket, seier han.
Publisert: 10.10.2025 13:42
Sist oppdatert: 10.10.2025 16:58






