"I forslaget til statsbudsjett vil vi gjøre det kjent at vi slutter arbeidet med Stad skipstunnel. Det blir så dyrt at vi mener det ikke er ansvarlig å gå videre med prosjektet", seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.
Støre seier i intervjuet at Noreg har store oppgaver innan forsvar, helse og kommuneøkonomi. Det må prioriterast, og Stad skipstunnel forsvarar ikkje pengebruken, meiner han.
Etter Støre si vurdering er det ikkje råd å bygge billegare, eller forhandle ned prisen.
Ifølgje NRK er det siste kostnadsoverslag 9,4 milliardar kroner.
Artikkelen blir oppdatert
Tilbake til Stortinget
I 2021 vedtok Stortinget at dersom prisen blir på meir enn 5 milliardar kroner etter kroneverdien i 2021, må skipstunnel-prosjektet tilbake til Stortinget for ny behandling.
Kystverket har fått inn tilbod frå tre entreprenørar som vil bygge skipstunnelen. Prisen dei vil ha, ligg eit godt stykke over maksramma som er vedteken. I tillegg har prisane innan bygg og anlegg stige kraftig dei siste åra, noko som igjen gjer at tunnelen blir dyrare.
– Realiteten er at om ein etter all den jobben som er lagd ned, og ein ikkje får pengar til oppstart i 2026, så blir det ikkje noko av skipstunnelen. Det er no eller aldri. Det er ei lagnadstid for skipstunnelen, sa leiar Frank Willy Djuvik i Måløy Vekst i august i år.
"Utruleg feigt"
Organisasjonen Måløy Vekst har vore den fremste pådrivaren for skipstunnelen og Djuvik seier til Nett No i dag at dei ikkje har tenkt å gi seg.
Planen er å arbeide inn mot alle parti på Stortinget for å sikre fleirtal for å løyve såkalla oppstartmidlar, som skal finansiere arbeidet fram til bygging. Med ei slik løyving på plass kjem også løytvinga som sikrar byggestart i 2026 på plass, etter Djuvik si vurdering.
Djuvik seier Støre og Arbeiderpartiet vart utfordra ei rekkje gangar om Stad skipstunnell under valkampen, men ville ikkje svare. Alle veit at avgjera er teken lenge før valet, og det er "utruleg feigt av Arbeidarpartiet at dei gjer det på denne måten", seier Djuvik.
Han reknar med at andre parti hadde gjort det på same viset om dei sat med regjeringsmakta og er sikker på at Arbeidarpartiet hadde gjort eit mykje dårlegare val på Vestlandet om partiet hadde fortalt korleis det stilte seg til skiptunnelen.
Råtten prosss
Avtroppande stortingsrepresenant Alfred Bjørlo (V) meiner det bør vere eit minstkrav at Kystverket får forhandle med entreprenørane som har gitt tilbod på bygging.
– Dette har vore ein tvers gjennom roten prosess fra Ap-regjeringa si side. No må snart folk på Vestlandet forstå at det ikke går an å stole på Ap-makta i Oslo i saker som er viktige for Vestlandet. Støre si regjering har visst i over to år at kostnaden vil bli betydelig høgare enn dei gamle anslaga på grunn av sterk generell kostnadsvekst i anleggsmarkedet. Likevel har regjeringa venta til stortingsvalget er over, med å gå ut og bruke kostnadsveksten som argument for å stoppe ein tunnel Støre eigentleg aldri har hatt noko ønske om å bygge. På toppen av alt har Støre nekta Kystverket å gjere jobben dei skulle ha gjort med å forhandle ned prisen. Det seier alt om at denne avgjerda eigentleg var tatt av regjeringa for lengst, skriv Bjørlo i ein epost.
Nedprioriterer tryggleik
– Dette skulle vi, og dei over 500 bedriftene som har signert oppropet for Stadt skipstunnel, gjerne ha visst før valet, seier Elise Fiske, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest i ei pressemelding
Tittelen på pressmeldinga er "Mer verdt enn dette er ikke kysten for Støre."
Maritimt Forum meiner regjeringa nedprioriter tryggleik og regularitet i sjøtransporten ved å avlyse skipstunnelen.
Held på skipstunnel-satsinga
Møre og Romsdal Høgre kjem til å arbeide vidare for å få bygd Stad Skipstunnel, seier fylkesordførar Anders Riise (H).
Under valkampen tok han fleire gangar opp status for skipstunnelen, og bad om å få vite kva kostnadsoverslag regjeringa hadde fått.
Det fekk han ikkje, og kostnadsoverslaget på 9,4 milliardar kroner som NRK skriv om i dag er det første gang han høyrer om.
Den manglande vilje til å å opplyse kostnadsoverslaget under valkampen gjorde at Riise ikkje blei overraska over over at regjeringa seier nei til tunnelen, men han er like misnøgd med korleis Arbeidarpartiet har handter denne saka.
– Det framstår som uredeleg av Arbeidarpartiet å vente med dette til no, seier Riise.
Han skuldar også regjeringa for å ha ein standard for samferdelsprosjekt på Vestlandet og en annan for Austlandet - der prosjekt ikkje blir stoppa.
– Den kostnadsutviklinga der (skipstunnelen, red. merk) er berre blåbær samanlikna med for eksempel kostnadsutvkling på Intercitysambande og spesielt ny jernbanestasjon i Moss, seier Riise.
«Utruleg feigt»
Organisasjonen Måløy Vekst har vore den fremste pådrivaren for skipstunnelen og Djuvik seier til Nett No i dag at dei ikkje har tenkt å gi seg.
Planen er å arbeide inn mot alle parti på Stortinget for å sikre fleirtal for å løyve såkalla oppstartmidlar, som skal finansiere arbeidet fram til bygging. Med ei slik løyving på plass kjem også løytvinga som sikrar byggestart i 2026 på plass, etter Djuvik si vurdering.
Djuvik seier Støre og Arbeiderpartiet vart utfordra ei rekkje gangar om Stad skipstunnell under valkampen, men ville ikkje svare. Alle veit at avgjera er teken lenge før valet, og det er «utruleg feigt av Arbeidarpartiet at dei gjer det på denne måten», seier Djuvik.
Han reknar med at andre parti hadde gjort det på same viset om dei sat med regjeringamakta, og er sikker på at Arbeidarpartiet hadde gjort eit mykje dårlegare val på Vestlandet om partiet hadde fortalt korleis det stilte seg til skiptunnelen.
Råtten prosss
Avtroppande stortingsrepresenant Alfred Bjørlo (V) meiner det bør vere eit minstkrav at Kystverket får forhandle med entreprenørane som har gitt tilbod på bygging.
– Dette har vore ein tvers gjennom roten prosess fra Ap-regjeringa si side. No må snart folk på Vestlandet forstå at det ikke går an å stole på Ap-makta i Oslo i saker som er viktige for Vestlandet. Støre si regjering har visst i over to år at kostnaden vil bli betydelig høgare enn dei gamle anslaga på grunn av sterk generell kostnadsvekst i anleggsmarkedet. Likevel har regjeringa venta til stortingsvalget er over, med å gå ut og bruke kostnadsveksten som argument for å stoppe ein tunnel Støre eigentleg aldri har hatt noko ønske om å bygge, skriv Bjørlo i ein e-post.
– På toppen av alt har Støre nekta Kystverket å gjere jobben dei skulle ha gjort med å forhandle ned prisen. Det seier alt om at denne avgjerda eigentleg var tatt av regjeringa for lengst, legg han til.
Publisert: 10.10.2025 08:16
Sist oppdatert: 10.10.2025 10:10






