Ein gledens dag for Heroey
FOSNAVÅG: Dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic fekk godt nytt frå samfredsleminister Jon Georg Dale (bak t.h.). No kan bedrifta satse vidare.
Nytt

- Ein gledens dag for Herøy

Ei hamneutbygging i Fosnavåg er godt nytt for Fosnavaag Pelagic. - No kan vi endeleg sjå framover, seier Roar Aasen.

14.06.2019

Aasen er dagleg leiar i Fosnavaag Pelagic, som held til indst i Fosnavåg hamn.

Han seier at for bedrifta har det lenge vore eit stort problem at dei større og djupare båtane vegrar seg for å gå inn på hamna på grunn av djupneproblema.

- Verst er det eigentleg under nordsjøsildfisket. Då er vi avhengige av råstoff frå danskar og shetlandarar, sidan dei har klart mest kvote, men dei fleste vil ikkje kome hit.

- Dei er reddde for at båtane tek i botnen på dei mange grynnene på hamna, seier Aasen.

Planlegg kaianlegg
Han var på plass då samferdsleminister Jon Georg Dale opplyste at kommunen får forskottere 108,5 millionar kroner til Fosnavåg hamn.

Aasen seier at for Fosnavaag Pelagic betyr det at ein kan satse for fullt vidare.

Blant anna har bedrifta planar om bygging av større kaianlegg.

- Dette er ein gledens dag både for oss og for kommunen.

- No har vi veit kva som gjeld framover, og kan forhalde oss til at her skal hamna utdjupast.

Rasande skipperar
Også Tor Frantsen ved Fosnavåg Notbøteri seier at det er heilt avgjerande for bedrifta at hamna vert djupare.

- Nyleg hadde vi to rasande skipperar på tråden etter at båtane deira tok i botnen.

- Slikt ryktast fort, og fører til andre også vegrar seg å gå inn på hamna.

Han har tru på at ei hamneutdjuping vil føre til fornya aktivitet i Fosnavåg.

- Ja, dette har svært mykje så seie for dagens bedrifter, og det kan fort kome til også nye bedrifter.


Nyleg hadde vi to rasande skipperar på tråden etter at båtane deira tok i botnen

Publisert: 14.06.2019 13:54

Sist oppdatert: 13.02.2023 21:04

Mer om