Loen Oldden foto Erik Johansen NTB
LOEN/OLDEN: Fleire fjordar i Vestland fylke er i sone 3. Her skal det bli enklare for kommunane å legge til rette for bygging i strandsona i dei nye planretningslinjene. Her Loen, med Olden til høgre. Foto: Erik Johansen / NTB / NP
Nytt

Vil opne opp for meir strandbygging i distrikta

Urørt strandsone minkar kvart år. No ønsker regjeringa å bygge meir i distriktskommunane.

NPK
09.07.2021

(NPK-Peder Skjelten) Fleire distriktskommunar skal få moglegheit å oversjå 100-metersregelen mot bygging i strandsona, seier regjeringa. Samstundes har ein tredjedel av norsk urørt strandsone blitt bygd ut sidan 1950.

Det har i utgangspunkt vore strenge reglar mot å byggje i strandsona i Noreg sidan 1950-talet. Likevel var over ein tredjedel av strandsona i 2020 bygd ut.

Frå 2005 til 2020 har potensielt tilgjengeleg strandsone i Noreg gått ned frå 69,9 prosent til 68,4, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein reduksjon på 657.999 dekar, eller 11.900 fotballbaner, som NRK Vestfold og Telemark skreiv i fjor.

Ei spørjeundersøking som Ipsos gjorde for Norsk Friluftsliv i 2021, viser at 54 prosent av befolkninga i Noreg meiner utbygging i strandsona bør reduserast eller stoppast heilt.

Regjeringa ønsker likevel ikkje å stramme inn regelverket. I staden har ho vedteke nye statlege planretningslinjer , som skal gi større moglegheiter for arbeidsplassar i distriktskommunane.

Strengt i bynære område
Frå før er den norske strandsona langs sjøen og i fjordane delt inn i tre soner. Sone 1 er utelukkande i Oslofjorden: alle kystkommunar i Oslo, Viken og Vestfold og Telemark. I dette området er det frå før høgt utbyggingspress. Her vil det halde fram å vere strengt mot å bygge meir i strandsona.

Sone 2 går frå Agderkysten til Rogalandskysten og bynære område som Bergen, Ålesund, Molde, Kristiansund og i Trondheimsfjorden. I denne sona vil det i utgangspunktet vere praktisert strengt i planlegginga. Dispensasjonar skal unngåast i sentrale område der arealpresset er stort og på areal med betydning for natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.

Utanom det er resterande strandsoner i Noreg i sone 3. Det er i desse strandsonene regjeringa ønsker kommunane skal få moglegheit til å bygge meir.

Strandsone Oslofjorden Tore Meek NTB
OSLOFJORDEN: I heile Oslofjorden er det stort press på strandsona. Her vil det halde fram å bli praktisert strengt mot bygging i 100-metersbeltet. Biletet er frå Asker kommune i Viken. Foto: Tore Meek / NTB / NPKBilete: tMvrX7oJ2UQKBilete: W_u6w5tSIRc

Arbeidsplassar til turisme og sjøbasert næring
Raymond Robertsen (H) er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som har lagt fram dei nye planretningslinjene. Han seier det blir opna for bygging i strandsona i sone 3 og nokre område i sone 2, om søkaren har planar om å skaffe arbeidsplassar.

– I Hammerfest, der eg kjem frå, er havet inntektskjelda. Skal ein få meir næringsliv til turistanlegg og havfiske, må det byggjast infrastruktur. Det er ikkje trongt om plassen i nord, og det er eit typisk område det vil bli lettare å få tillating til å bygge i strandsona.

Det vil ikkje vere aktuelt å opne opp for bygging av bustadar- eller fritidsbustadar, ifølgje Robertsen, som seier det heller ikkje burde bli gitt tillating å bygge om det gir vesentleg ulempe for miljøet i området.

Vil unngå at resten av Noreg blir som Oslofjorden
Carl Johansen, Miljøpartiet Dei Grøne sin toppkandidat til stortingsvalet frå Møre og Romsdal, seier det frå før har vore for enkelt for kommunane å tillate bygging i strandsona.

– Dette har øydelagt store delar av strandsona i Noreg, og regjeringa vil no gjere det enklare å bygge ned også i resten av landet. Dei kallar det å støtte opp om lokaldemokratiet, men øydelegging av norsk natur og undergraving av allemannsretten er ikkje demokrati i det heile.

MDG sitt standpunkt er å heller beskytte strandsona og unngå ytterlegare utbygging, seier Johansen. Frykta er at resten av Noreg skal bli like utbygd som i sone 1.

Gjenbruk framføre meirbruk
Johansen seier det er mogleg å legge til rette for næringsliv utan at det skal gå ut over naturen, blant anna ved å bruke allereie nedbygd areal, som kan brukast om att til næringslivet.

– Vi står ikkje på eit absolutt nei til all bygging i strandsona, men slik det er i dag, fungerer det ikkje i tråd med nasjonale mål for naturmangfald. Då blir det feil medisin å opne for meir utan ein nasjonal naturlov som varetek heilskapen.

Fakta: Strandsona

* Strandsona er ei allmennspråkleg nemning på området 100 meter frå strandlinja målt i horisontalplanet ved alminneleg høgvatn.

* Omgrepet «strandsona» har ingen juridisk definisjon, men blir i juridisk forstand vanlegvis brukt synonymt med 100-meterbeltet.

* Plan- og bygningslova § 1–8 seier at det langs sjøen og langs vassdrag skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. I same føresegn står det at i 100-meterbeltet langs sjøen gjeld eit generelt byggeforbod, som ofte upresist blir omtalt som «strandlova».

Kjelder: SNL og plan- og bygningslova på Lovdata.no.

Lenkje til interaktivt kart over sonene i Noreg.

Publisert: 09.07.2021 14:50

Sist oppdatert: 09.07.2021 14:31