Smaragd innfelt petter geir smådal foto skjermfoto kjetil 11
ISLAND: Norske fiskefartøy på veg til loddefeltet ved Island etter vekesvis med landliggje. Innfelt reiar og skipper Petter Geir Smådal. Foto: Smaragd/Kjetil Haanes
Nytt

- Rett og slett ein veldig dårleg avtale

Loddefisket tok seg kraftig opp, men reiar meiner at avtalen med Island er veldig dårleg for norske fiskarar.

18.02.2022

- Her er det tydeleg at Island har diktert vilkåra. Det virkar som at islendingane prøvar å gjere det vanskelegast muleg for norske fiskarar.

- Det er rett og slett ein veldig dårleg avtale.

Det seier Smaragd-reiar og skipper Petter Geir Smådal frå Leinøy.

Smaragd er ein av 19 norske fiskefartøy som melde inn loddefangst torsdag. Dei 2050 tonna skal leverast til Tripleline Thyborøn på Jylland.

- Ein lang veg å gå, men vi har vore der fleire gongar før, seier Smådal.

Fangsten skal brukast til oppmaling, slik at prisen vert ein god del dårlegare enn lodde som går til konsum.

- Dei fleste fangstane går til oppmaling ettersom ein har brukt lang tid på å ta fangsten, og hatt lodde i tankane over lengre tid.

- Men eg ser at det er nokre som no har meldt inn konsumlodde, blant anna Gunnar Langva.

Til Ellingsøya
Ålesund-båten Gunnar Langva har meldt inn 1490 tonn, som skal leverast hos Brødrene Sperre på Ellingsøya. Dit er også Florø-båten Fiskebas med 675 tonn på veg.

Av dei 19 fangstane har Herøy-båten Sjøbris meldt inn 1500 tonn, Ålesund-båten Sæbjørn 1500 tonn og Herøy-båten Rogne 1845 tonn.

Felles for samtlege fartøy er at ein har brukt svært lang tid på å ta første lasten.

Noko skuldast dårleg vêr, men mykje skuldast også at dei norske fartøya må fiske med not, medan islendingane og fleire andre nasjonar kan fiske med trål.

Petter Geir Smådal seier at det er vanskeleg å ta lodda med not når ho ikkje står samla.

- Då er trål klart best. Først dei siste dagane har lodda samla seg, og det har vore muleg å ta brukbare fangstar med not.

Dårleg tid
Men det er ikkje berre denne regelen som irriterer norske fiskarar.

I tillegg er det sett ei grense på 30 på at norske fiskefartøy kan fiske samstundes. Med rundt 50 norske fartøy påmelde i fisket har det dermed vorte lange liggjetider i hamn for båtane.

- Enkelte har lege i hamn i rundt ein månad.

På toppen av det heile må dei norske båtane ha tatt den samla kvoten på 145.632 tonn innan utgangen av 22. februar.

Sjølv om flåten melde inn over 22.000 tonn torsdag, seier Petter Geir Smådal at det berre er å gløyme å ta heile kvoten.

- I så fall må vi få betre tid på oss.

Dagens avtale ser ikkje ut til å ha noko anna formål enn å gjere det vanskeleg for oss. Slik kan vi ikkje ha det
Petter Geir Smådal
Lodd3e
LODDE: Norske fiskefartøy har kvote på 145.632 tonn lodde ved Island, men har så langt fiska berre 64.416 tonn. Foto: Smaragd

- Slik kan vi ikkje ha det
Han opplyser at Smaragd og dei fleste andre fartøya hadde planlagt å ta to turar med lodde i år.

-. No vert det berre ein for oss. Deretter vert det truleg å gå på silda for oss.

- Dette var ikkje ein slik start på sesongen som vi håpa på, seier Smådal, som håper at det til neste loddesesong ved Island vert rydda opp i avtalen.

- Dagens avtale ser ikkje ut til å ha noko anna formål enn å gjere det vanskeleg for oss. Slik kan vi ikkje ha det.

Publisert: 18.02.2022 15:44

Sist oppdatert: 18.02.2022 13:20

Mer om