Research
MAKRELL: Shetlendaren Research er på veg til Brødrene Sperre på Ellingsøya med 2260 tonn makrell. Foto: Vard
Nytt

På veg til Ellingsøya med 2260 tonn makrell

Store deler av ringnotflåten jaktar på lodde, men slit med dårleg vêr.

31.01.2022

56 båtar har sett kursen mot Island for å fiske lodde, men så langt har vêret sett stoppar for at fisket skal ta av.

Største fangsten av dei norske båtane hittil er det Østerbris som har tatt med 1180 tonn.

Måndag er det innmeldt tre fangstar frå norske fartøy. Det er H. Østervold med 400 tonn, Havdrøn med 300 tonn og Andrea L med 865 tonn. Den siste fangsten skal leverast hos Pelagia Måløy.

Lavtrykk i kø
Sildelaget viser til at lavtrykka har stått i kø ved Island og båtane har kun hatt korte økter med fiskevêr.

Sjå video av Smaragd på veg til loddefeltet.

Alle fangstane er fiska på austsida av Island tett nord av N 64⁰ 30′, som er grensa norske båtar må vere nord av.

Det vert vist til at dei norske båtane har også søkt etter lodde både nord av Island og på felta der islendingane fiskar. Det er registrert brukbart med lodde der òg, men lodda har vore lite tilgjengeleg for not.

Alle loddefangstane er hittil omsett til mjøl og olje, og ikkje til konsum.

Dei norske fiskefartøya må belage seg på ein del venting ettersom det er sett avgrensingar på 30 båtar i aktivt fiske.

Stor makrellfangst
Medan mange jaktar på lodde, har shetlendaren Research fylt opp tankane med 2260 tonn makrell.

Den Skipsteknisk-designa trålaren er bygt ved Vard Langsten, og er eigd av familiereiarlaget Research Fishing Company på Shetland.

Båten er venta til Ellingsøya i dag, måndag, med makrellfangsten.

Fisket foregjekk tidleg i veka eit stykke vest av Shetland, men gjekk seinare på sørvest og fiska vest av Orknøyane.

Ingen hast sørover
Sildelaget opplyser at det siste veke var ei middels god veke på silda med 17.000 tonn i journalen. Dette kvantum er fiska av 37 forskjellige båtar med fangstørrelse frå 40 tonn som lavast til 1.120 t som største fangst.

Sildefisket har foregått i tre område, der det fortsatt har vore sild tilgjengeleg i ytre del av Kvænangen. I tillegg vert det rapportert om myke sild i området nord og vest av Fugløybanken.

Det tredje området er Smutthavet der den eldre og større silda har overvintra.

Sildelaget skriv at det er ingen teikn til at silda har det travelt med sin vandring sørover mot gytefelta.

Publisert: 31.01.2022 11:53

Sist oppdatert: 31.01.2022 22:01

Mer om