Den ferske rekneskapen til Hovden Senior viser eit kraftig hopp i inntektene og rekordstort overskot etter 2025 for familiereiarlaget.
Bakgrunnen har mellom anna å gjere med at reiarlaget med base i Kjøde i Stad, gjekk frå éin til to båtar i løpet av fjoråret.
– 2025 var eit innhaldsrikt og spennande år for oss. Vi lukkast med å kjøpe enda ein kystbåt med godt kvotegrunnlag, helt i tråd med strategien vår om auka kvotegrunnlag for framtida, fortel dagleg leiar Ole Theodor Hovden til Nett No.
Fiskebåtreiarlaget sysselsette 21 årsverk i fjor, ifølgje årsmeldinga.
Kjøpte ny båt frå Solund-reiarlag
I fjor haust kjøpte dei fiskebåten Sulebas frå Lending Rederi i Solund. Kystfartøyet som no har fått namnet Frekøy Viking, bidrog betydeleg til veksten frå september og ut året.
Båten fiskar torsk, makrell, NVG-sild og sei, og er nær taket for kva den kan ha av kvoter.
– Vi er også tilfreds med at dyktig og lokalt mannskap følgde med og driftar båten vidare, fortel Hovden.
Hovden Viking, som blei bygd ved Larsnes Mek Verksted og levert i 2018, fiska tildelte kvoter til gode prisar, fortel han vidare.
– Spesielt bidrog makrellfisket til auka omsetning og betre resultat, fortel han.
Rekordoverskot og auka inntekter
2025-rekneskapen viser at driftsinntektene skaut i veret frå kring 64 millionar til 111 millionar kroner.
Det er ei auke på drygt 70 prosent samanlikna med 2024.
Også overskotet vart rekordhøgt med eit resultat før skatt på 20 millionar kroner (sjå tabell under).
| Hovden Senior AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 111,7 | 63,8 |
| Driftsresultat | 32,8 | 17,3 |
| Resultat før skatt | 20,3 | 11,5 |
Det går ikkje direkte fram av rekneskapen kva reiarlaget betalte for den nye båten – og reiaren vil ikkje kommentere kjøpesum eller investering.
Eit par punkt i rekneskapen kan likevel gi ein peikepinn.
Under anleggsmidlar i rekneskapen er det oppført tilgang på kjøpte driftsmidlar med 34 millionar for fartøy og 405 millionar for fiskerirettigheiter.
Samtidig er gjelda til reiarlaget auka i løpet av året med 555 millionar kroner.
Selde naprapatverksemd
Ole Theodor Hovden er ein av tre familiemedlemer som eig 84 prosent av aksjane i reiarlaget gjennom selskapet Hovden Holding.
Hovden har tidlegare drive Nordvest Naprapatklinik med fleire avdelingar, men selte klinikken i 2023 for å leie familiereiarlaget.
Eigenkapitalen i Hovden Senior var ved utløpet av fjoråret på 55 millionar kroner, etter at det blei teke eit utbytte på to millionar.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på 713 millionar kroner etter kjøpet av nytt fartøy i fjor.
Publisert: 19.02.2026 12:24
Sist oppdatert: 19.02.2026 23:38






