Aidency sett foto Aidency
FØRSTEHJELP: Ideen til Aidency er å tilby førstehjelpsutstyr som kan brukast før ambulansen når fram. Utstyret ligg i ein koffert som kan fjernopnast av AMK-sentralen, som også skal instruere over telefon korleis utstyret skal brukast. Foto: orbjørn Sandbakk - Havnevik
Nytt

Eitt steg tilbake for Aidency

Må sikre seg betre fotfeste i helsevesenet for ideen sin.

17.02.2026

Ålesund-selskapet Aidency sin ide er eit sett med førstehjelpsutstyr, pakka i ein liten koffert. Den kan henge på arbeidsplassar og andre plassar der mange møtes, etter same modell som hjartestartarar. 

Ved ulykker og brå sjukdom, der ambulansen er eit stykke unna, skal det medisinske utstyret brukast til førstehjelp pasienten inntil ambulansen er på plass.

Treng klarsignal frå helsevesenet
Men for at innhaldet i kofferten kan brukast må helsepersonell koplast på og rettleie om korleis det skal brukast. Aidency sin plan er at det skal gjerast av folk på AMK-sentralane, som tek i mot naudhjelpstelefonar. Det er også dei som skal ha nøkkelen som kan fjerneopplåse kofferten. 

Utan klarsignal frå ein AMK-sental skal det ikkje vere råd å få opna koffferten.

No seier nyvald styreleiar Johs A. Aspehaug at selskapet har vore for optimistiske til kor raskt koffertane kan vere klare for kommersiell lansering, og undervurdert tida helsevesenet treng for å få testa og dokumentert korleis bruken av kofferten fungerer.

Pilotfylke
Møre og Romsdal og Telemark/Vestfold har vore pilotfylke for kofferten, og dagleg leiar Marta Hauge i Aidency rosar samarbeidet med helseforetaka der. Begge har levert rapportar med sine vurderingar, og erkjenninga frå både Hauge og Asphaug er at Aidency har vore for optimistisk i sin kommunikasjon utad om når kofferten kan vere klar for marknaden.

Det betyr ikke har dei har mista trua på ideen. Tvert om. Det er snakk om å ta eit steg attende og sikre seg eit betre fotfeste.

– Selskapet står med eit spennande produkt. Vi må nok inn meir audmjuke og forsiktige for å kome inn i helsevesenet, seier Aspehaug.

Les kva Aidency sjølv skriv om status frå pilotperioden i Vestfold/Telemark.

Leiarskifte
I slutten av januar gjekk grunnleggar og storaksjonær Trond T. Lauritsen av som dagleg leiar i selskapet og Marta Hauge tok over som Aidency-sjef. Også styreleiar Åge Højmark gjekk av og vart erstatta av Aspehaug.

Aidency blei etablert i 2021 og har hente inn eigenkapital i fleire omgangar.

Aspehaug seier selskapet har dei pengane som trengste for å arbeide vidare, og har ikkje behov for snarlege kapitalutvidingar.

Ifølgje aksjonæroversikta i databasen Proff.no er Trond T. Lauritsen største eigar, med 33,732 prosent av aksjane gjennom selskapet Trollvatn. Artec Aqua-grunnleggarene eig 19,959 prosent gjennom sitt selskapt Artec Holding. Medeigarar er og Langseth-familien i Trondheim og Bunker Oil-eigarane i Ålesund.

Publisert: 17.02.2026 11:14

Sist oppdatert: 17.02.2026 11:18

Mer om