Ekornes bonus innan rekkevidde
INGENTING TIL DESSE TO: Men dei tilsette som styrer robotane i Stressless-produksjonen ligg an til å få bonus i år, mellom anna takka vere kostnadskutt i Ekornes-konsernet.
Nytt

Ekornes-bonus innan rekkevidde

Bonusen for dei Ekornes-tilsette i Stressless-avdelingane er innan rekkevidde. Kan få hjelp av større fart på kostnadskuttinga.

15.07.2016
Ekornes har i lenger tid meldt at selskapet arbeider med tiltak som skal gi årlege kostnadsreduksjonar på 150 millionar kroner.
I kvartalsrapporten for 2. kvartal 2016 skriv selskapet at det "anser det som nødvendig å akselerere tiltakene utover i 2016 for å nå målet".
Kostnadskutt kan vere med og redde bonusen også om selskapet ikkje greier å få ny fart på Stressless-salet.

Glapp i fjerde kvartal

I fjor vart resultatet i fjerde kvartal så dårleg at bonusen lenge såg ut til å gå fløyten.
Hittil i år ligg det an til bonusutbetaling. Både i 1. kvartal (11,1 prosent) og 2. kvartal (11,9 prosent) ligg Ekornes over grensa på 10 prosent driftsmargin (driftsresultat i prosent av driftsinntektene), som utløyser bonus.

To år på grensa

Driftmarginen i år er imidlertid ikkje større enn at det truleg vil vere spenning rundt bonusen heilt fram til tala for fjerde kvartal ligg på bordet.
Etter 2014 var det først finrekning i samband med presentasjonen av årsreknskapen som gjorde det klart at det blei bonus. Eit godt resultat i fjerde kvartal gjorde at dei tilsette fekk 10,5 millionar kroner på deling.
Også i fjor var det spenning rundt bonusen. Først rett før generalforsamlinga i vår var det klart at dei blei bonus for 2015 likevel.

Eigen bonus

Stressless-produksjonen er den viktigaste delen av verksemda for Ekorneskonsernet. Stressless sto for rundt tre fjerdepartar av driftsinntektene i første halvår, og bonusen til dei tilsette i Stressless-avdelingane er knytt til korleis det går i Stressless-segmentet.
Andre deler av verksemda har eigen bonus-mål.
Konsernet har 2230 tilsette ved utgangen av andre kvartal, 1285 i Norge og 945 i utlandet. For eitt år sidan var det 2324 tilsette.

Oppsving på børsen

Reknskapstala for andre kvartal vart offentleggjort klokka sju i dag tidleg, og konsernsjef Olav Holst-Dyrnes presenterte kvartalsropproten for investorar og finansanalytikarar klokka åtte.
Kurshoppet då børshandelen opna klokka ni i dag tyder på at resultatet vart godt mottatt.
Ved børsslutt i går, torsdag 14. juli, vart Ekornes handla til 88,25 kroner pr. aksje. I dag, klokka 09:52, er kursen 93 kroner pr. aksje, som verdset heile konsernet til 3,4 milliardar kroner.

Publisert: 15.07.2016 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58