Tidleg i år kom Ekornes QM Holding i mål med ei refinansiering der eit børsnotert obligasjonslån på 1,2 milliardar kroner blei erstatta av banklån, ifølgje ei børsmelding.
Så lenge Ekornes QM Holding hadde eit slikt obligasjonslån, offentleggjorde selskapet rekneskapsrapportar kvar kvartal - slik dei også gjorde så lenge aksjane var børsnotert.
No treng Ekornes QM Holding ikkje lenger levere slike rapportar, men kan nøye seg med den årlege rapporten som alle norskregistrerte selskap må sende inn til Brønnøysundregistera
Kinesisk eigar
I 2018 selde dei dåverande eigarane av Ekornes-konsernet alle aksjane sine til kinesiske investorar med Qumei Home Furnishing Group Co i spissen. Prisen var 5,1 milliardar kroner.
Qumei Home Furnishing Group og Hillhouse investment eig høvesvis 94,1 prosent og 5,88 prosent av aksjane i Qumei Runto S.à.r.l. Qumei Runto S.à.r.l. eig i sin tur alle aksjane Ekornes QM Holding.
Fleire refinansieringar
Kjøpet av Ekornes-konsernet blei delvis finansiert gjennom lån i obligasjonsmarknaden.
Eit obligasjonslån er er eit lån der det typisk er sett ein dato for når lånet skal betalast attende, og kva renta skal vere. Låna kan børsnoterast, og gjeldsbreva kan kjøpast og seljast.
Slike lån blir gjerne brukt i staden for, eller i tillegg til banklån - og der renta er høgare fordi risikoen gjerne blir rekna som å vere for høg for bankane.
Ekornes har refinansiert seg i obligasjonsmarknaden i fleire omgangar.
Dagens obligasjonslån vart tatt opp i 2023. Då vart eit obligasjonslån på to milliardar kroner erstatta av eit nytt obligasjonslån på 1,2 milliardar kroner. I tillegg gjekk eigarane inn med meir eigenkapital og selskapet auka banklånet sitt.
Publisert: 03.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 03.03.2026 07:16






