Ekornes med nye rekordar
Omsetning og ordrereserve peiker rett opp, og så langt i år har konsernet over 100 nye tilsette i Norge.
Ekornes leverer nye rekordtal for 2. kvartal og kan notere rekordhøge inntekter første halvår. Ordreboka har heller aldri vore tjukkare og konsernet melder om auke i alle segment.
Pandemien sette full fart i etterspurnaden av møblar etter ein dupp i fjor vår. Det er spesielt salet i Nord-Amerika som trekk opp.
Talet på tilsette har samtidig auka stort, og konsernet har no heile 3181 personar i arbeid på alle sine avdelingar. Det er auka på 335 tilsette sidan året starta.
Talet på tilsette i Norge har i same periode vekse frå 1152 til 1255.
Milliardomsetning i kvartalet
Omsetninga for 2. kvartal var på 1059 millionar, og driftsresultatet enda på 131 millionar, ifølgje børsmeldinga onsdag (sjå tabell under).
Første halvår selde Ekornes møblar for meir enn 2,1 milliardar. Det er ei auke på meir enn 600 millionar samanlikna med første halvår i fjor. Om salet held fram vil møbelkonsernet ende med ei omsetning på godt over fire milliardar.
Ekornes QM Holding as | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 1 059,5 | 644,4 |
Driftsresultat | 131,7 | 74,8 |
Resultat før skatt | 96,8 | -18,3 |
Salet har auka både for Stressless-segmentet (70 prosent), IMG (56 prosent) og Svane-produkta (37 prosent), opplyser Ekornes i kvartalsrapporten.
Rekordtjukk ordrebok
Driftsoverskotet er i første halvår på 293 millionar, som gir ein driftsmargin på solide 14 prosent.
Ordrereserven var ved utgangen av juni på rekordhøge 1174 millionar – ei auka på 15 prosent samanlikna med året før. Ordreinngangen i andre kvartal, dobla seg samanlikna med det svake fjorårskvartalet.
NETT NO har tidlegare omtala korleis møbelbedriftene i Sykkylven no har utfordringar med skaffe nok arbeidskraft.
Publisert: 25.08.2021 11:44
Sist oppdatert: 25.08.2021 16:02