Ekornes har i ei årrekke vore langt framme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi i produksjonen. Dei siste åra har dei jobba med å finne ut korleis dei skal gjere seg nytte av 3D-strikking til trekk på møblar.
– Det har vore mykje forsking og utvikling og det har teke lenger tid enn vi trudde, seier Janne Muri som er prosjektleiar for 3D-strikk Ekornes til Nett No.
Den første lenestolen som var laga med strikka trekk, blei vist fram allereie i 2019 – men den kom aldri for sal. Muri fortel at dei rett og slett ikkje synest «finishen» var god nok.
– No går vi globalt
No er det eit tilbakelagt kapittel og kvaliteten på stolane er blitt slik den skal vere.
– No går vi globalt og tilbyr dei til alle marknader. Det er fordi vi føler vi oss trygge på at det fungerer, fortel prosjektleiaren.
Møblane har til no vore selt i Norge og Japan, i tillegg til kontraktsmarknaden – mellom anna til båtar. Responsen har vore svært god, ifølge Muri.

Har fire strikkemaskinar i dag
For to år sidan lanserte Ekornes den første stolen med ullgarn. I dag har dei fire strikkemaskinar på fabrikken på Ikornes – og ser føre seg å utvide maskinparken framover.
Muri fortel at dei må opparbeide seg kunnskap på ein rekke fleire område enn tidlegare, i tillegg til å lære teknologien og designprogramma.
– Mellom anna måtte vi sette oss inn i korleis vi skal handtere garn, medan vi tidlegare har kjøpt inn veva tekstilar, seier ho.
Les også
Tanken er ikkje nødvendigvis å utvide porteføljen – men at metoden kan takast i bruk i fleire delar av Ekornes sin produksjon. Volumet er framleis lite i den store samanhengen for Norges største møbelprodusent.
– Jo meir vi lærer, jo større moglegheiter ser vi. Teknologien gir enorme moglegheiter, legg ho til.
Gir fleire fordelar
Ein av fordelane med 3D-strikk er at ein kan ta av og vaske trekka på møblane. Ein anna er at ulike former kan lagast i ein del.
Det gir igjen ein anna fordel – at ein kan rekke opp heile stykket om det er skjedd feil. Slik unngår ein svinn.
– Vi kan la produksjonen gå over natta, men om noko skjer, så kan ein rette det opp att igjen, seier Muri.
– Vi kan også strikke to delar og sy dei saman. Det varierer etter mønster og tid. Vi har eigne operatørar som køyrer strikkemaskinane og som samtidig kan handtere dei delane som trengt litt saum, legg ho til.

– Avansert høgteknologi
Møbelprodusenten har tilsett fleire yngre krefter for å følgje med i utviklinga. Anders Eikemo er mellom dei som har teke fagbrev i automasjon og seinare gått fagskule.
Han var lærling hos Ekornes og fekk fast jobb etter han var ferdig med utdanninga.
– Dette er avansert høgteknologi og han er mellom dei som er tilsett dei siste åra og jobbar med programmeringa av maskinane, fortel Muri.
– Ein nøkkel for å lukkast
Laila Helen Grebstad har vore primus motor for arbeidet med å ta i bruk 3D-strikk i Ekornes sin produksjon. Undervegs har dei samarbeida tett med 3D-Knitting & Tchnology som held til på den andre sida av fjorden.
– Dei har vore med som ein katalysator og vore ein nøkkel for å lukkast, fortel Muri.
Samtidig som Ekornes har lagt ned betydelege ressursar i utviklingsarbeidet, har dei lært av andre via Innovasjon Norge sitt bedriftsnettverk - spesielt om korleis dei skal handtere garn som dei har lite erfaring med frå før.
Publisert: 25.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 24.11.2025 22:17






