I første etasje på den enorme Næringsfabrikken i Sykkylven ligg lokala til 3D-Knitting & Technology på nokre titals kvadratmeter.
Her jobbar Chiharu Kiyohara og Yukiko Kiyohara, saman med Indika Sanjeewa med å utvikle teknologien for 3D-strikk slik at den kan nyttast på fleire områder enn i dag.
– Det har vore som ei ny reise i liva våre at vi fekk sjansen til å kome hit, fortel Yukiko.
– Livet er meir avslappa her, og både vi og barna likar å leve tett på naturen. Folka er også snille, legg ho.
Meir om 3D-Knitting & Technology
Nett No fortalde denne veka at 3D-Knitting & Technology har inngått eit samarbeid med den japanske maskinprodusenten Shima Seiki.
Målet er å vere ein aktør som industrien i Europa kan vende seg til for å utvikle og teste nye produkt eller metodar.
20 lokale eigarar står bak 3D-Knitting & Technology, og Sykkylven-bedriftene Amatec og Ekornes er dei to største aksjonærane.
På eigarsida er og selskap som Sandella Fabrikken, Sykkylven Stål, Fora Form, Oleana og Flakk Gruppen.
Møttest for kring ti år sidan
Den 41-åriga kvinna er digital tekstilskapar og gift med Chiharu, som alle kallar for Kiyo. No er det kring tre år sidan paret med to barn flytta frå Japan til Sykkylven.
– Vi kjenner ikkje framtida, men eg synest det har vore fint å flytte hit, seier Kiyo som er 3D-ingeniør.
Det er også Indika Sanjeewa som kjem frå Sri Lanka og møtte Yukiko og Kiyo allereie for kring ti år sidan. Då jobba dei alle for selskapet som lagar dei avanserte strikkemaskinane som står rundt i lokalet.
Vi kjenner ikkje framtida, men eg synest det har vore fint å flytte hit

Krevjande å rekruttere utanfor EØS
Styreleiar Riksheim fortel at kunnskapen til trioen er avgjerande for at dei kunne etablere 3D-Knitting & Technology i Sykkylven. Fordi dei kom frå utanfor EØS var det også eit betydeleg meirarbeid med papir og kontakt med styresmaktene.
– Dette var under covid, som gjorde ting ekstra krevjande. Og for ei mindre bedrift som skal gjere dette for første gong, kan det vere eit hinder for rekrutteringa, seier Riksheim.
I fleire bransjar har ein opplevd at det tek lang tid å få på plass alle papir for arbeidstakarar utanfor Europa. NHO ønsker seg difor ein meir smidig prosess og saksbehandling.

Likar å jobbe tettare på kundane
No utgjer trioen den faglege tyngda i satsinga på det som skal vere eit kompetansesenter for 3D-strikk for Nord-Europa.
– Her kan vi jobbe tettare på kundane og det er veldig interessant. Etter desse tre åra har vi fått resultat som vi er veldig nøgd med, seier Yukiko om jobben.
Etter desse tre åra har vi fått resultat som vi er veldig nøgd med
Rundt i lokalet ligg ein rekke produkt mellom anna hanskar og luer frå Devold si nye satsing OAD, som er laga ved hjelp av dei automatiserte strikkemaskinane.
Her er også gensarar frå lokale Hjørundfjordstrikk og produkt frå andre klesprodusentar.
Jobbar med fleire selskap
Indika fortel at han hadde eit tøft første halvår på Sunnmøre utan vener og nettverk. Etter kvart fekk han familien til Norge og bur no med dei i Ålesund.
– Det har vore bra så langt og sonen min likar seg veldig godt her, fortel han.
Frå Sykkylven jobbar 3D-ingeniøren både for 3D-Knitting & Technology sine ulike kundar, og for eit selskap på Sri Lanka.
– Kvar arbeidsdag har nye utfordringar og vi jobbar med ulike prosjekt, seier Indika.

– Den norske kulturen er ganske lik
Mange opplever nordmenn som reserverte og vanskeleg å kome innpå. Yukiko og Kiyo opplever derimot at folk er opne ved at dei helsar på kvarandre når dei møtast i butikken eller ute på tur.
– Samtidig er vi japanarar gjerne litt beskjedne, så den norske kulturen er ganske lik den japanske, seier Yukiko.
– Nordmenn har også ein respekt for kvarandre som gjer at vi kan jobbe godt saman, legg ho til.
– Må få folk til å tenke nytt
Ved å ta i bruk 3D-strikk kan ein lage plagga i eit stykke slik at ein slepp saumar - og ein kan kombinere ulike strikkemetodar.
Styreleiar Lars Einar Riksheim fortalde til Nett No denne veka at utviklinga innan tekniske tekstil er spesielt interessant. Samtidig er det mogleg å nytte teknologien til å strikke produkt til alt frå interiør, ortopedisk utstyr og glasfiber i fritidsbåtar.
– Vi må få folk til å tenke nytt kring det dei lagar, fortalde Riksheim.
Publisert: 22.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 22.11.2025 11:38






