Laila Grebstad Ekornes Nor shipping foto Marius 11
NOR-SHIPPING: Produktutviklar Laila Grebstad i Ekornes var denne veka på Nor-Shipping-messa for å marknadsføre dei nye produkta som er laga ved hjelp av programvare og ein strikkemaskin. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Reiarane vil ha 3D-strikka møblar

Skjerpa krav til berekraft gjer ny produksjonsmetode frå Ekornes interessant. I framtida kan det óg bli Stressless i «strikkeutgåve».

Marius Rosbach
09.06.2023

Ekornes er i startfasa med ei ny og meir miljøvennleg produksjonsmetode med 3D-strikking. Dei første stolane med trekk frå strikkemaskina, er godt motteke hos dei maritime kundane.

- Vi designar og lagar våre eige tekstil, også strikkar maskina det ut i 3D. Med denne metoden har vi ikkje noko svinn på materialet, og vi slepp å arbeide med å sy saman mange delar, fortel produktutviklar Laila Grebstad som er blitt Ekornes sin ekspert på metoden.

Ved den vanlege prosessen med veva tekstil, er det ein rekke prosessar som krev meir tid – og gjerne har svinn på opptil 20 prosent av stoffet. Med strikk gjer maskina heile jobben frå garn til ferdig ferdig trekk.

Ekornes 3d strikk stol nor shipping foto marius
3D-STRIKKA TEKSTIL: Ekornes utforskar moglegheitene med ny og meir miljøvennleg produksjonsmetode med 3D-strikk av møbeltekstil. Mindre avfall og at møblane kan vare lengre, er mellom fordelane. Foto: Ekornes

Kan vaske og skifte ut trekket
Grebstad fortel at det i første rekke trengst kunnskap om programmering for å handtere metoden. Når «oppskrifta» er klar, blir den lasta inn i maskinen som lagar det ferdige produktet.

Skjerpa krav til berekraft er mellom årsakene til at fleire reiarar vel å teste strikketekstilar om bord. Norwind-reiarlaget i Ålesund er mellom kundane som får slike stolar om bord på sine nye vindskip.

- Ein fordel er at vi lagar trekk ein kan vaske og skifte ut. Måten dei er strikka på, gjer at dei er elastiske. Då kan kundane enkelt ta det av heime og putte det i vaskemaskinen, eller dei kan velje ny farge eller eit anna mønster om dei vil skifte, fortel Grebstad.

Dette gjer at møblane kan vare lenger.

Ekornes Nor shipping foto marius
REIARKUNDE: Nordwind-sjef Svein Leon Aure (på tv-skjermen) prøvesitter ein av stolane reiarlaget får om bord på det nye havvindskipet Norwind Gale. Foto: Marius Rosbach

Framleis på utforskingsstadiet
Allereie for halvanna år sidan testa dei ut den første Ekornes-stolen med 3D-strikk på marknaden.

Grebstad fortel at det er mange muligheter, og det meste kan strikkast, men at dei førebels er på utforskingsstadiet og jobbar med å bygge kompetanse.

Produksjonen blir tilpassa etterspurnaden, og kan køyrast døgnet rundt om behov.

- Vi har starta enkelt med trekk til møblar vi har, men i framtida håper vi å lage møblar som er tilpassa teknologien, fortel ho.

Stressless i «strikkeutgåve»?
Det er mange muligheter med strikkemaskiner. Maskina kan til eksempel nyttast til å strikke berande tekstil, slik at ein kan ta vekk fjæring og polstringar og personen sitt i ein form for duk.

– Du kan strikke inn ulike soner for komfort, eller du kan strikke inn støtte for korsrygg og nakke, fortel Grebstad.

I framtida kan til og med den klassiske Stressless-en kome i «strikkeutgåve».

– Vi har testa det ut på vanlege Stressless-ar, og det er fullt mogleg, seier ho.

Publisert: 09.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 09.06.2023 12:44

Mer om