Ekornes satsar paa sjoetransport
ROTTERDAM NESTE: To gongar i veka ser Stian Østrem og kollegaene på Ekornes kontainerskipet forlate kaia ved fabrikken med kurs for Rotterdam og kundane Europa.
Nytt

Ekornes satsar på sjøtransport

Ekornes kan spare rundt ti millionar kroner i året når heile omlegginga er på plass.

20.01.2017
To gongar i veka legg eit containerskip frå Samskip til kai ved Ekornesfabrikken sitt hovudanlegg i Sykkylven. Målet er hamna i Rotterdam, der kontainarane frå Ekornes blir lasta over på bilar og køyrd rett til møbelkonsernet sitt nye senter - hub - for distribusjon i kontinental-Europa, knappe fem mil unna hamna.
Omlegginga av distribusjonen, som også omfattar færre distribusjonsentralar i Europa - kan gi innsparing "i størrelsesorden" 10 millionar kroner etter Ekornes sine berekningar.
Omrekna i trailerlass betyr satsinga på skipstransport 10-11 færre vogntog i veka frå Sykkylven og sørover gjennom Gudbrandsdalen. Målt i CO2-utslepp og energiforbruk er det snakk om ein reduksjon på rundt 40 prosent.

Tenkte nytt

Her må det vel vere mogleg å bruke meir båt tenkte Stian Østrem då han kom til Ekorneskonsernet i 2014. Som prosjektleiar innan "supply chain" såg han saman med gruppa som blei oppretta for formålet, på all vareflyt både inn, gjennom og ut av selskapet.

Då hadde Ekornes eitt skipsanløp i veka til si eiga kai, i tillegg til at ein del varer blei skipa ut frå Ålesund. Og hovudmengda av varene som skulle til kontinental-Europa blei køyrd med bil.
No er målet at 70 prosent av varene til kontinental-Europa går sjøvegen, resten med bil. Østrem seier Ekornes langt på veg har nådd målet, og no jobbar med finjustering av fordelinga, mellom anna for å sikre stabilitet i leveransane også når styggever gjer at skipa er forseinka. Men det er justeringar, det store bildet er heilt klart - skip løner seg og fungerer godt.
Ein viktig grunn til at omlegging gir så store moglegheiter var at Ekornes inviterte spedisjonsfirma til å vere med å konkurrerer om å pønske ut smarte løysingar for å få møblane heilt fram til kundane, meiner Østrem. Det fekk nye idear opp på bordet, som neppe ville kome fram om Ekornes berre ba om ein priskonkurranse på eit begrensa transportoppdrag som allereie var definert på førehand.

Held tidskjema

Eit sentralt poeng i omlegginga er at kundane skal få Ekornes-møblane minst like raskt som før.
Det går, mellom anna fordi to anløp i veka betyr øka leveringstryggleik. Med berre eitt anløp betydde det at det gjekk ei veke mellom kvar gong Ekornes kunne levere i Europa. No er det tre-fire dagar mellom kvar gong.
I tillegg kjem fleksibiliten som kjem av at ein del av møblane framleis blir frakta med bil.

Færre lager

Overgangen til meir båttransport er hovudårsaka til at Ekornes meiner det er råd å kutte transportkostnadane til kontinental-Europa med rundt 10 millionar kroner. Men for å kome heilt i mål reduserer Ekornes også talet på lager i Europa frå fem til to. Reduksjonen skal vere fullført innan året er omme.
Det eine lageret ligg altså like ved hamna i Rotterdam, det andre i Storbritannia. Sentraliseringa forenklar distribusjonen og den forenklinga betyr altså sparte kostnadar. Med på kjøpet blir tida frå fabrikken og fram til kunden redusert.
I utgangspunktet kunne lageret ved Rotterdam vere distribusjonsentral også for Storbritannina, men mellom anna på grunn av uvissa rundt Storbritannia sitt forhold til EU vil Ekornes behalde lageret i Storbritannia inntil vidare.

Rett til kunden

Målet for neste steg på vegen er å bruke meir direkte distribusjon i tillegg. Fleire kundar er så store at dei kan ta i mot ein heil kontainer rett frå fabrikken i staden for at møblane skal bli pakka om og sendt vidare frå lageret ved Rotterdam. Den ompakkings-operasjonen kan i mange tilfelle utgjere rundt ein tredjepart at distribusjonekostnadane, i følgje Østrem.

Då er det betre å pakke kontaineren perfekt i Sykkylven, slik at den kan fraktast direkte frå skip til butikk.
For Ekornes-aksjonærane handlar det Østrem og kollegaene driv med om å få opp lønsemda.
For dei tilsette i Sykkylven, Grodås og på madrassfabrikken på Fetsund handlar det om kvar Ekornes-arbeidsplassane skal vere. Dess høgare distribusjonskostnadane er, dess tyngre er det å argumenter for at arbeidet skal gjerast langt unna marknaden.
- Det handlar også om å finne løysingar som gjer at vi kan produsere der vi er, seier Østrem.

Ser etter returlast

Ekornes er ei stor eksportbedrift, men samstundes stor importør av råvarer og delar til produksjonen.
Østrem seier Ekornes har rekna seg fram til eit innsparingspotensiale på to-tre millionar kroner i året på at råvare- og del-leverandørane til Ekornes kan handterast meir direkte av Ekornes, i mange tilfelle via Rotterdam, og at varene deretter blir frakta til Sykkylven sjøvegen. Kvar for seg er ikkje leverandørane store nok til at båttransport har noko føre seg, men med samordning blir båt eit aktuelt alternativ.

Invitert andre med

Ekornes opnar og for å la andre bedrifter i Sykkylven og elles på Nordvestlandet henge seg på skipstransportsatsinga.
Kaia ved Ekornes-anlegget er eigd og driven av møbelkonsernet, og Ekornes vil gjerne ha meir trafikk.
- Det er ein open invitasjon. Viss bedrifter skulle vere usikre på om båttransport skulle vere noko for dei - storleiken tatt i betraktning - så kan dei berre ta kontakt, seier Østrem.
Det handlar om å finne løysingar som gjer at vi kan produsere der vi er

Publisert: 20.01.2017 10:40

Sist oppdatert: 27.05.2021 13:27