Eldar Sætre les NETT NO
TIL ØRSTA: Eldar Sætre som sjølv kjem frå Vartdal, skal halde det første innlegget på det første nettverksarrangementet OppTik. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Eldar Sætre opnar møteplass

Skal bygge nettverk for næringslivet på Sunnmøre.

30.11.2023

Uformelle møteplassar for næringslivet er i vinden og no får Ørsta sin variant.

Initititativtakar Hans André Sørvik og Tik Café & Restaurant har gått saman om å skape OppTIK - som dei håpar blir ein ny møteplass for næringsaktørar og andre som er interesserte.

– Når folk møtes, skjer det ting, seier Sørvik til NETT NO.

Fire til seks arrangement i året er ambisjonen, seier Sørvik. Han er marknadssjef i bilrekvisitakjeda Thansen, og arbeider frå heimekontor i Ørsta.

Første møte er fullteikna
På eigarsida i Tik-restauranten er mellom andre Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal.

Første arrangement er mandag kveld, 4. desember. Då skal tidlegare Equinor-sjef og styreleiar i Vartdal Plast-konsernet, Eldar Sætre, halde hovudinnlegget.

Oppskrifta for dette og komande arrangement, er eitt eller fleire innlegg, kombinert med mat - og tid til å snakke med dei andre deltakarane.

Inititativet har fått ein flying start og blei tysdag fullteikna med 60 påmelde, ifølgje Sørvik.

Næringspub og Torsdagskvelden
I Rauma har næringsliv og samfunnsinteresserte hatt eit liknande arrangement, Næringspuben, i fleire år.

Der møter blant andre ordførar Yvonne Wold (SV), så sant ho kan, på det månadlege arrangementet.

Vestnes Næringsforum har gjort det same, og arrangerer næringspub kvar månad unntatt i sommarmånadane. I tillegg til det sosiale, er det også ein del kortare program der.

I Ålesund er forvaltning- og rådgivingsselskapet Converto initititiativtakaren til Torsdagskvelden. Det er eit kombinert talkshow og folkemøte i Parken Kulturhus, med mål om å møtes ein gang i månaden fra september til mars.

Randi Paulsen Humborstad foto Ogne
– KJEMPEGOD IDE: Dagleg leiar Randi Humborstad i Måløy Vekst meiner dei burde la seg inspirere av ideen frå Ørsta. Foto: Ogne Øyehaug

– Ein kjempegod ide
Dagleg leiar Randi Humborstad i Måløy Vekst synest ideen til Sørvik og partnarane hans i Ørsta er så god, at ho meiner det er eit type arrangement også Måløy Vekst burde organisere.

– Ein kjempegod ide, seier Humborstad.

Måløy Vekst har tidlegare hatt arrangement som liknar på det som blir i Ørsta, men det er lenge sidan, ifølgje Humborstad.

Frukostmøta til Måløy Vekst er opne for alle, men sidan dei går i arbeidstida er det mange som ikkje kan kome.

Stad starta i år
I nabokommunen Stad drog dagleg leiar Synnøve Aabrekk i gang med uformell næringspub tidlegare i år.

Poenget er å møtes, bli kjent og snakke saman i ein uformell situasjoen. Næringspuben blir arrangementet den siste torsdagen i kvar månad, på ulike stader i den langstrakte kommunen.

– Næringspub går ut på at bedriftsleiarar som ikkje er i same bransje treffest. Eg trur det er veldig viktig, seier Aabrekk.

Publisert: 30.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.11.2023 19:58