Politisk pub Erik Espeset Sofie Marhaug foto Marius
PÅ PUB: Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft og stortingspolitikar Sofie Marhaug frå Raudt møttest til debatt i regi av Raudt Ytre Søre. Foto: Marius Rosbach .
Nytt

- Vindkraft på dei rette plassane er heilt fantastisk

Tafjord Kraft-sjefen barka saman med Raudt-politikar til politisk debatt på puben.

Marius Rosbach
23.05.2023

Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft og stortingspolitikar Sofie Marhaug frå Raudt er skjønt samde om at utbygging av havvind langs norskekysten er eit dårleg val.

Men der stoppar også mykje av einigheita mellom dei to. Det kom fram då dei møttest til debatt på politisk pub i Ulsteinvik måndag kveld.

- Flytande havvind er langt frå konkurransedyktig, og det er dårleg tilhøve for botnfast havvind utanfor kysten, påpeika Espeset innleiingsvis.

- Det er bra at andre nasjonar utviklar havvind, la han - men kraftdirektøren kunne ikkje sjå kvifor Norge burde gjere det.

Espeset er ikkje prinsipiell motstandar av havvind, men er kritisk til lønnsemda ved flytande havvind.

Det vart óg tema under Leverandørkonferansen i Ulsteinvik nyleg og seinast måndag blei det kjent at Equinor legg havvindprosjektet Trollvind på is på ubestemd tid.

- Har mykje områder vi kan bygge ut
Tafjord-sjefen meiner Norge bør bygge ut den billigaste krafta først. Etter effektivisering av vasskraft, betyr det vindkraft på land, etter hans vurdering.

- Vindkraft på dei rette plassane er heilt fantastisk. Både billeg og bra, konkluderte han.

Espeset peika på at vindkraft på land også er eit godt alternativ fordi det bles mest om vinteren, når behovet for kraft er størst.

- Vi har mykje områder vi kan bygge ut, og vindkraft på land er den klart billigaste krafta vi kan investere i, sa Espeset.

Vil ha NVE-plan tilbake på bordet
Tafjord-sjefen sitt håp er at ein plan NVE la fram i 2019 blir plukka fram igjen. Den peika på kva område som kan vere aktuelle for vindkraft på land, men blei putta i skuffen grunna sterk motstand.

- Vi har tapt fem år på det opprøret som kom, la han til.

Partiet Raudt seier nei til vindkraft både til havs og på land. Stortingspolitikar Sofie Marhaug meiner havvind i første rekke er eit dårleg val grunna konflikt med fiskeri og livet i havet.

Marhaug viste til nedbygging av naturen som ein bakdel med vindkraft på land, og meiner mellom anna den råkar for store naturområde.

-VI har to kriser, både klimakrise og naturkrise, og vi kan ikkje løyse berre den eine. Det heng saman, sa ho.

Politisk pub Erik Espeset Sofie Marhaug foto Marius 22
FØRSTE UTGÅVE: Kring 50 personar møtte då Raudt Ytre Søre for første gong inviterte til politisk pub i Ulsteinvik måndag kveld. Forma gav meirsmak og det er aktuelt med fleire tilsvarande arrangement. Foto: Marius Rosbach

Usamde om elektrifisering og utanlandsk eigarskap
Diskusjonen gjekk føre seg på høfleg vis, men frontane blei tydeleg då Marhaug omtala elektrifisering av sokkelen som «den elektriske elefanten i rommet».

- Det ser kanskje bra ut for vårt klimarekneskap, men det kuttar ikkje utslepp, sa Raudt-politikaren.

Sjølv om Tafjord-sjefen kunne vere samd i at det kanskje ikkje var snakk om reelle utsleppskutt, så var det likevel god politikk meinte han.

- Det er fornuftig fordi det bidreg til at vi oppfyller våre klimaforpliktingar. Og sett frå eit reint ego-norsk synspunkt bør vi ikkje tukle med det, sa han.

Espeset sa seg også sterkt usamd i Raudt-politikaren si kritiske haldning til at utanlandske investorar eig mykje av vindkraftindustrien her til lands.

- Takk og pris for dei, for utan, ville den norske kraftprisen vore høgare, repliserte han.

Trur kjernekraft er løysinga
Kring 50 personar var møtt opp til det som var den første utgåva av politisk pub i Ulsteinvik, og ein rekke parti var representert. Under ein «ordet fritt»-runde, var Anders Riise (H) og Ivar Mork (Ap) mellom dei som tok ordet.

Politikarane som representerer lokallag frå kvar sin side av Hareidlandet, meinte begge at havvind var ein del av løysinga på auka kraftbehov – men berre det.

I tillegg trengst fleire energikjelder meinte dei. Begge meinte kjernekraft var ei energiform å satse på – der Mork var den ivrigaste.

- Det skjer svært mykje kring fusjonskraft og etter mi tid trur eg det vil løyse verda sine energiproblem for alltid, var Ap-politikaren sin konklusjon.

Publisert: 23.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.05.2023 13:21

Mer om