Eldre PSV-ar får nytt liv utanfor oljen
Marin Teknikk har hanka inn fleire oppdrag etter at reiarar har funne nye bruksområde for eldre PSV-ar.
- Ja, med den lønsemda det i dag er i PSV-marknaden, er det mange som ser etter andre måtar å utnytte fartøya på.
Det seier dagleg leiar Svein Rune Gjerde i Marin Teknikk.
Selskapet har nyleg inngått to større kontraktar med ombygging av eldre forsyningsskip med MT-design.
- Dette er svært positivt, og gir oss kjærkome arbeid. Samstundes er det gledeleg å sjå at våre design er fleksible og kan tilpassast nye arbeidsoppgåver og nye marknadssegment.
Spesialfartøy til lusekamp
Den eine kontrakten er inngått med Frøy Aquaressurs på design- og engineeringarbeid på ombygging av den 15 år gamle PSV-en Skandi Texel.
Skipet er seld av DOF til Frøy Aquaressurs, og etter ombygging skal den 69,5 meter lange PSV-en blant anna brukast som avlusingsfartøy for laks.
182 millionar
Ifølgje ei børsmelding frå NST har Frøy Gruppen inngått ein 2,5 års avtale med ein norsk oppdrettar for å leige eit spesialisert avlusingsfartøy.
Prosjektet, inkludert kjøp av båt, ombygging og montering av avlusingssystem har ei total kostnadsramme på 182 millionar kroner.
- Det er overkapasitet av PSV-ar i Nordsjøen, og det er positivt at dette skipet no kan brukast utanfor olje- og gassmarknaden, seier Gjerde.
Vi jobbar med fleire andre spennande prosjekt
Geotekniske undersøkingar
Marin Teknikk har i tillegg inngått kontrakt om design- og engineeringsarbeid for ombygging av endå ein PSV av MT-design.
- Kunden er ein stor internasjonal aktør, og skipet skal etter ombygging nyttast til geotekniske undersøkingar, seier Gjerde.
Jobbar med nye prosjekt
Han seier at det er eit vidt spenn av bruksområde som eldre PSV-ar kan brukast til, men det er også avgrensingar.
- Mellom anna set stabilitetskrav avgrensingar.
Gjerde trur det vert fleire liknande oppdrag framover.
- Ja, vi jobbar med fleire andre spennande prosjekt.
Publisert: 11.06.2021 11:04
Sist oppdatert: 11.06.2021 11:10