Ikkje lett aa vere skipsdesignar og samstundes passe barn
DESIGN: Svein-Rune Gjerde og staben i Marin Teknikk arbeider med sitt hittil største oppdrag nokon gong, men koronakrisa gir utfordringar.
Nytt

- Ikkje lett å vere skipsdesignar og samstundes passe barn

Marin Teknikk jobbar med sin hittil største superyacht, men Svein-Rune Gjerde seier at heimekontor ikkje alltid er like effektivt.

01.04.2020

- Nei, vi merkar at dei som arbeider på heime kontor har utfordringar med effektiviteten.

- Det er ikkje lett å vere skipsdesignar og samstundes passe på små barn, seier Gjerde.

35-40 innleigde
Designselskapet i Herøy har seksti tilsette ved hovedkontoret i Dragsund, i tillegg til førti tilsette fordelt på Szczecin og Gdansk i Polen.

- I tillegg har vi 35-40 innleigde for tida ettersom vi har fleire store oppdrag, seier Gjerde.

- Dei innleigde sit i sine respektive heimland og arbeider derifrå.

Superyacht
Det største oppdraget gjeld design og ingeniørarbeid til bygging av ein stor ekspedisjonsyacht. Herøy-selskapet har tidlegare designa to yachtar til den new-zealandske milliardæren Graeme Hart. Den første var 107 meter lang, den andre 118 meter, og begge vart bygde ved Kleven.

No er det nok eit knepp opp i størrelse.

- Vi har skrive avtale på at vi ikkje kan seie så mykje om denne kontrakten, men du kan skrive at det er snakk om ein yacht som er eit nummer større enn den siste til Graeme Hart.

- Truleg er nok sluttsummen også nokre hakk høgare, seier Gjerde.

Diamantleiteskip
Arbeidet foregår på eit utanlandsk verft.

- Her har byggjearbeidet stoppa opp på grunn av koronakrisa, men vi arbeider for fullt vidare med designarbeidet via nett. Så langt har det gått bra.

I tillegg er Marin Teknikk i sluttfasen av designarbeidet på eit titals fiskefartøy, samt eit 180 meter langt diamantleiteskip til namibiske De Beers.

- Spesielt det siste oppdraget er omfattande, seier Gjerde.

Ingen permitterte hittil
Han opplyser at året starta svært bra, men at alt endra seg då koronakrisa kom.

- Det er ikkje heilt stilt, men mange nye nybyggingsprosjekt er sett på pause. Det er heller ikkje så enkelt å sluttføre forhandlingar utan å møtast.

Hittil har ikkje Marin Teknikk permittert nokon, men Gjerde seier at det kan verte aktuelt, alt avhengig av korleis dei pågåande prosjekta utviklar seg.

- Det spørs kor lenge denne situasjonen varer. Om det vert langvarig, vil det garantert få store negative konsekvensar både for oss og mange andre aktørar i den maritime næringa på Nordvestlandet. Vi ser allereie omfattande permiteringar rundt oss som i alle fall delvis er begrunna i krisa.

Ser på nye mulegheiter
Han sjølv arbeider frå hovedkontoret i Dragsund.

- Vi har stengt kantina, og sett andre gode tiltak ut i handling for å beskytte oss, seier Gjerde.

Han opplyser at ein har prøvd å halde alle dei tilsette sysselsette på best muleg måte utan at det skal koste alt for mykje for selskapet.

- I tillegg til dette har eg som leiar av Marin Teknikk valgt å fokusere på mulegheitene som denne krisa opnar for når dette er over.

- Men det er klart at sjølv eg vaknar kvar morgon og lurer på om eg er sjuk eller frisk. Heldigvis har det gått bra hittil, men det vanskelege med denne krisa er at ingen veit korleis det vil utvikle seg og kor lenge det varer.


Det er ikkje heilt stilt, men mange nye nybyggingsprosjekt er sett på pause

Publisert: 01.04.2020 08:49

Sist oppdatert: 29.08.2021 15:20