Elektrisk opptur
Møre Trafo med over 25 prosent vekst i år.
Møre Trafo er Skandinavias største produsent av transformatorar og nettstasjonar. Auka bruk av elektrisitet som driv driftsinntektene oppover og i år ventar selskapet omlag 600 millionar kroner i driftsinntekter, skriv styreleiar og medeigar Tor Rieve Kristiansen i ei pressemelding.
600 milllionar tilsvarar ein vekst på over 25 prosent frå i fjor, og 2022 blir det femte åre på rad med vekst for Møre Trafo. I 2017 var driftsinntektene 329 millionar kroner.
Då 2021-reknskapen for selskapet kom tidlegare i haust hadde Møre Trafo 160 tilsette i Sykkylven og var på jakt etter fleire. Rekrutteringa er ikkje over, og selskapet skal tilsette fleire folk framover, ifølgje pressemeldinga.
Ny toppsjef
Leif Leira, som er Møre Trafo-sjef i dag, skal pensjonere seg våren 2023.
Ny toppsjef er Runar Tandstad, som kjem frå stillinga som sjef for Divisjon nettforvaltar i Møre Nett.
- I tillegg til sin solide faglege kompetanse og innsikt i bransjen Møre Trafo er ein del av, har
Runar de leiareigenskapen vi er opptatt av for å utvikle selskapet videre. Ekstra hyggeleg er det også
at det er ein toppleder med lokal forankring, sier Rieve Kristiansen i pressemeldinga.
Les også
Møre Trafo leverer til det som blir en av Europas største batterifabrikker.
Møre Trafo i Sykkylven klare for å bygge ny fabrikk etter nok eit rekordår.
Kan bety oppdrag for 800 millionar kroner. Sette ny inntektsrekord i 2020.
Publisert: 10.11.2022 14:30
Sist oppdatert: 10.11.2022 15:57