Møre trafo oversiktsbilde innfelt leif leira foto møre trafo 11
70 ÅR I BRANSJEN: Møre Trafo har investert betydelege beløp i anlegget i Sykkylven. Administrerande direktør Leif Leira (innfelt) fortel at dei er klare for å investere meir. I løpet av året startar bygginga av nytt lager- og logistikkbygg - og ny fabrikk. Foto: Møre Trafo
Nytt

70-årig hjørnesteinsbedrift går så det susar

Møre Trafo i Sykkylven klare for å bygge ny fabrikk etter nok eit rekordår.

Marius Rosbach
15.07.2022

Møre Trafo kan notere seg for nok eit vekstår i fjor, med ei omsetning på 473 millionar. Det er ein auke på drygt ni prosent samanlikna med året før – og ny rekord.

Resultatet var på drygt 27 millionar før skatt, ein nedgang frå året før – men likevel mellom dei største overskota dei siste ti åra for Sykkylven-bedrifta (sjå tabell under).

Markerte 70 år i bransjen
Møre Trafo er Skandinavias største produsent av transformatorar og nettstasjonar.

Selskapet har vekse jamt og trutt både i omsetning og tilsette dei siste åra. Bedrifta som tidlegare i år markerte 70 år i bransjen, er óg ein av Sykkylven største arbeidsplassar med kring 160 tilsette.

– Vi har det siste året tilsett rundt 20 nye personar, og det vil også kome nokre fleire i løpet av andre halvår, opplyser administrerande direktør Leif Leira til NETT NO i ein e-post.

Vi har det siste året tilsett rundt 20 nye personar
Leif Leira

Skal bygger lager og ny fabrikk
I løpet av året er dei klare til å gjennomføre planane om å utvide med ny fabrikk for nettstasjonar.

– Vi bygger no først eit lager- og logistikkbygg, og så vil vi starte på ny fabrikk i løpet av andre halvår, legg Leira til.

Kundane til Møre Trafo er hovudsakleg energiverk, og selskapet sin posisjon er god, vurderer styret i årsrapporten.

Ordresituasjonen dei første tre månadene i år var svært god, og så langt hadde selskapet klart å halde leveringsforpliktingane sine.

(saka held fram under)

Møre Trafo as

Tal i mill. kroner
2021
2020

Driftsinntekt

473,2
432,8
Driftsresultat
27,3
34,2
Resultat før skatt
27,6
35,9

Tjukkare ordrebok, men dårlegare lønnsemd
For ei oppdatering for korleis omsetninga ligg an så langt i år, viser Møre Trafo-sjefen til kommentaren i deira siste utgåve av nyheitsmagasinet Spenning.

Her viser Leira til at ordreboka la på seg i rekordfart i fjor med 40 prosent auke for året. Så langt i år har veksten halde fram med ein auke på nye 30 prosent.

Samtidig ser Møre Trafo-sjefen at innteninga dei siste åtte til ti månadene er kraftig påverka av auka kostnader. Han påpeiker at det blir jobba med å kompensere dette.

Utbyte på 15 millionar
Årsrapporten viser at eigarane tok eit utbyte på 15 millionar kroner etter fjorårets gode resultat.

Den viser også at eigenkapitalen er på 114 millionar og samla gjeld på 92 millionar.

Bedrifta er eigd av Møre Electric Group, der Rieve Gruppen – med Rieve Kristiansen-familien – eig 66 prosent og svenske Schneider Electric AB eig 34 prosent av aksjane.

Publisert: 15.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 15.07.2022 22:25

Mer om