Foto Møre Trafo
SIGNERER: Bak frå venstre distriktssjefane Tore Tangen og Ole Linstad i Møre Trafo og seniorrådgiver i Elvia, Erik Harviken. Framme frå ventre salssjef Ivar Lifjeld i Møre Trafo og konsernsjef Kristin Lian i Elvia. Foto: Møre Trafo
Nytt

Møre Trafo med rekordavtale

Kan bety oppdrag for 800 millionar kroner. Sette ny inntektsrekord i 2020.

15.09.2021

Møre Trafo i Sykkylven skal levere transformatorar, nettstasjonar, brytaranlegg og LS tavler. Kontrakten varer frå juli 2021 til juni 2024 kan forlengast med ytterligare tre års, skriv Møre Trafo i ei pressemelding.

Blir avtalen på seks år anslår Møre Trafo at den kan gi selskapet ei inntekt på 800 millionar kroner.

Fleire folk
Avtalen er den største Møre Trafo nokon gong har signert, og selskapet reknar med å auke talet på tilsette. Selskapet sysselsette 136 årsverk i fjor.

– Med den veksten vi har no vil vi måtte styrke Møre Trafo med både fleire tilsette, maskiner og lokale. Vi skal blant anna bygge ny fabrikk for nettstasjonar neste år, seier administrerende direktør Leif Leira i Møre Trafo i pressemeldinga.

Møre Trafo har vore i ein nesten samanhengande vekst sidan 2014. Då var driftsinntektene 265 millionar kroner.

20 millionar i utbytte
I 2020 var driftsinntektene 432,8 millionar kroner og resultatet før skatt blei 35,9 millionar kroner (sjå tabell).

Møre Trafo betalter ut 20 millionar kroner i utbytte etter 2020. Etter 2017, 2018 og 2019 var utbyttet 12 millionar kroner.

Største eigar er selskap eigd av medlemer av Rieve-Kristensen-familien i Ålesund og Oslo.

Møre Trafo as

Tal i mill. kroner20202019

Driftsinntekt

432,8412,9
Driftsresultat34,226,3
Resultat før skatt35,927,4

Publisert: 15.09.2021 11:39

Sist oppdatert: 17.09.2021 11:04

Mer om