Eid elektro foto eid elektro
NY VEKST: Eid Elektro har lagt bak seg to svært gode år, og inntektene held fram med å stige i 2021, opplyser leiinga. Foto: Eid Elektro
Nytt

Elektrobedrift slo rekordåret

Trur på ny vekst i år, men tvilar på om dei klarer å matche lønnsemda.

Marius Rosbach
01.06.2021

Eid Elektro fekk nok eit rekordår i fjor med inntekter på drygt 123 millionar og eit driftsresultat på nær ti millionar kroner (sjå tabell under). Både omsetninga og lønnsemd var hakket betre enn 2019, som var det beste året for bedrifta til då.

Leiinga omtalar 2020 som eit «økonomisk tilfredsstillande år med auka inntekter og forbetre resultat», i årsrapporten.

Eid Elektro AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 123,6 119,4
Driftsresultat 9,8 9
Res. før skatt 9,6 8,8

Inntektene aukar vidare i år
Bedrifta driv med elektroinstallasjonar og tavleproduksjon på Nordfjordeid, i tillegg til at dei har avdelingar på Stadlandet, Syvde og ved Nesttun utanfor Bergen.

Eid Elektro har om lag tredobla omsetninga dei siste ti åra. Også i inneverande år aukar aktiviteten og inntektene.

– Vi forventar framleis auke i omsetning, men ser at det kan vere ei utfordring å betre resultatet i 2021, skriv leiinga i årsrapporten for 2020.

Meir effektiv drift
Ei omlegging til meir effektiv drift og reduserte kostnader, er mellom grepa som ligg bak det gode fjorårsresultatet. Leiinga påpeiker samtidig at det er stort prispress i bransjen.

Bedrifta har 75 tilsette fordelt på 69 årsverk – eit par fleire enn året før.

Selskapet har ein bokført eigenkapital på 16,5 millionar og samla gjeld på 31,5 millionar kroner.

Tok grep mot koronasmitte
Koronapandemien ga utfordringar også for Eid Elektro, og leiinga skriv i årsrapporten at dei tok tidleg grep.

Lokala blei delvis stengt for andre enn tilsette, og blei delt inn i soner for dei ulike at tilsette. Auka reingjering saman med redusert reiseverksemd og fysiske møter, har fungert godt, meiner leiinga.

Publisert: 01.06.2021 06:00

Sist oppdatert: 01.06.2021 06:23

Mer om