Artec aqua innfelt ingegjerd eidsvik foto artec aqua marius 11
KAPITAL: Endúr-konsernet eig mellom anna Artec Aqua i Ålesund, der Ingegjerd Eidsvik er sjef. Foto: Artec Aqua/Marius Rosbach
Nytt

Endur hentar pengar

Skal ha inn mellom 140 og 170 millionar kroner.

15.11.2021

Målet er at kapitalutvidinga skal vere på plass før børsen opnar i morgon, tysdag 16. november.

Pengane skal brukast til å betale ned gjeld og til generelle formål heiter det i børsmeldinga som varslar emisjonen.

Les børsmelding her

Industriselskapet Endur eig mellom andre ingeniør- og prosjekteringsselskapet Artec Aqua i Ålesund, og Artec Aqua-aksjonærane er største eigarar i Endur.

Dei største aksjonærane, medrekna dei tidlegare Artec Aqua-aksjonærae har garantert for at minst 130 millionar kroner blir innbetalt i emisjonen.

Det er Arctic Securities og SpareBank 1 Markets som har fått oppdraget med å få kapitalutvidinga i boks.

Publisert: 15.11.2021 22:42

Sist oppdatert: 15.11.2021 22:43