Sterk vekst og kostnadssprekk
Artec Aqua tapte på fastprisoppdrag - Endúr-aksjen ned ved børsstart.
I kvartalsrapporten til Artec Aqua-eigarane Endúr, kjem det fram at havbruksverksemda til konsernet har hatt ein kraftig vekst i andre kvartal.
Ålesund-selskapet Artec Aqua er no del av denne divisjonen, saman med Endúr Sjøsterk. Ei omsetning på 255 millionar, er ei auke på 61 prosent, samanlikna med same periode i fjor for denne delen av verksemda.
Marknaden reagerte negativt etter rapporten var lagt fram. Ved 10-tida var Endúr-aksjen mellom dei største taparene i morgonhandelen, med ein nedgang på kring 10 prosent.
Tapte på fastpris
Det kjem også fram at Artec Aqua fekk høgare kostnader enn venta i to prosjekt, og at dette har påverka driftsresultatet negativt. Det eine av desse prosjekta var uvanleg stort til å vere gjort med fastpris, påpeiker selskapet i børsmeldinga.
Fullføringa kravde meir ressursar, enn venta og leiinga skriv at både Endúr og Artec Aqua vil sikre seg at dei lærer av dei lite tilfredsstillande resultata i framtida.
Selskapet opplyser ikkje kor store tapa er, men meiner begge prosjekta vil gi «rimeleg» inntening over tid.
Les også
Ventar framleis sterk marknad
Arbeidet med å levere til Salmon Evolution sitt anlegg på Indre Harøy i Hustadvika kommune, går i tråd med planen.
– Marknaden for landbasert oppdrett held seg sterk og vi ventar framleis vekst i norsk marin infrastruktur, uttalar Endúr-sjef Hans Olav Storkås i børsmeldinga.
Artec Aqua har mellom også sikra seg levering til eit anlegg i Sør.-Korea, der også Salmon Evolution er med. I rapporten blir det påpeika at også den svenske marknaden for landbasert oppdrett er i ferd med å ta seg opp.
Publisert: 31.08.2021 09:15
Sist oppdatert: 31.08.2021 10:19