Spaar internasjonal vekst med Endur
SLUTTAR: Administrerande direktør Hans Olav Storkås då han presenterte børsnoterte Endúr i januar. Skjermdump
Nytt

Toppsjefen hos Artec Aqua-eigar sluttar

Trekker seg på dagen etter at selskapet «snubla i rapporteringa».

Marius Rosbach
02.09.2021

Endúr-sjef Hans Olav Storkås går på dagen som administrerande direktør for konsernet. Styreleiar Pål Reiulf Olsen tek over rolla inntil vidare.

Det kjem fram i ei børsmelding torsdag.

Endúr la tidlegare i veka fram kvartalsrapport som viste sterk vekst for havbruksverksemda til konsernet. Ålesund-selskapet Artec Aqua er no del av denne divisjonen, saman med Endúr Sjøsterk.

«Snubla i rapporteringa»
I ettertid kom det fram at selskapet var i brot med låneavtalen som følgje av eit obligasjonslån inngått i februar. Selskapet vart først klar over dette, etter at dei sende ut kvartalsrapporten.

I etterkant har Endúr-aksjen rasa kring 20 prosent og blir torsdag verdsett til 818 millionar kroner.

Arbeidande styreleiar Pål Reiulf Olsen seier til E24.no at Storkås har sagt opp sjølv fordi Endúr «snubla i rapporteringa når det kom til et teknisk brot på låneavtalen». Han viser til at selskapet ikkje har vore tilstrekkeleg bemanna med kompetente folk.

Utgjer ein stor del av konsernet
Artec Aqua utgjer ein stor del av Endúr-konsernet og er det største selskapet i forretningsområdet «Aquaculture Solutions».

Kombinert med god lønsemd gjorde det at dei tre grunnleggarane av Artec Aqua, Bjørn Finnøy, Victor Fiveland og Bjørnar Flem, blei største eigarar i Endur som ein del av transaksjonen då Endur kjøpte Artec Aqua tidlegare i år.

Tapte på fastpris
Ålesund-selskapet har hatt sterk vekst og kapra ein rekke store oppdrag til landbaserte oppdrettsanlegg.

I den siste kvartalsrapporten kom det fram at dei har hatt høgare kostnader enn venta på fleire prosjekt, som påverka driftsresultatet til konsernet negativt. Eitt av desse var eit større fastprisoppdrag.

Publisert: 02.09.2021 14:02

Sist oppdatert: 02.09.2021 14:26

Mer om