Bilde 2022 06 21 065832179
NYBYGG: Skisse av nye Rogne: Illustrasjon: Karstensens Skibsværft
Nytt

Endå ein Herøy-båt frå Danmark

Rogne-reiarlaget bestiller pelagisk snurpar/trålar frå Karstensens Skibsværft.

21.06.2022

Skagen-verftet er storleverandør av norske fiskebåtar. No har også Rogne-reiarlaget frå Leinøy i Herøy bestilt ny båt frå Karstensens, skriv avisa Vestlandsnytt.

Dagens Rogne vart bygt ved same verft i 2013. No skal nye Rogne leverast i løpet av 2025.

Vestlandsnytt skriv at nybygget vert 83 meter lang og får ein lastekapasitet på 2.700 kubikk, opp frå dagens 2.000 kubikk. Gamlebåten skal seljast.

God inntening
Rekneskapen for 2021 er ikkje klar i Brønnøysund, men Vestlandsnytt skriv at Rogne-reiarlaget fiska for 96,9 millionar i 2021, og hadde eit årsresultat på 29,4 millionar kroner, eit resultat som vart spesielt trekt opp av ein god makrellsesong med auka kvotar.

I 2020 omsette Rogne for 74,0 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 24,6 millionar.

Rogne-reiarlaget er eid av brørne Kjell Ove Rogne, Per Magne Rogne og Frank Rogne, som eig 22,2 prosent kvar, medan søstrene Ann-Britt Rogne Pettersen og Marita Elin Rogne eig 15,6 prosent kvar.

Ny Herøyhav
Karstensens Skibsværft har ei rekke fartøy i ordrelista, fleire norske.

Blant anna gjeld det nye Knester frå Bekkjarvik, ein 75 meter lang snurpar/trålar som er planlagt levert i februar 2024.

I november 2024 skal etter planen nye Herøyhav leverast, også ein 75 meter lang kombinert ringnot/trål.

Frå før har Karstensens levert blant anna dei norske pelagiske trålarane Strand Senior, Odd Lundberg, Rav, Kvannøy, Asbjørn Selsbane, Haugagut, Havsnurp, Gollenes, Christina E og gamle Rogne og Herøyhav.

Lang ordreliste
I ordreboka er også ein 43,5 meter lang snurrevadbåt til Kjell-Gunnar Hoddevik og partnere Johnny Årvik og Jan-Ove Langeland i Ålesund-reiarlaget Polarbris, ein båt som skal leverast i august 2023.

Då denne kontrakten vart inngått i oktober 2021, opplyste Karstensens at verftet hadde 14 nybygg i ordreboka for levering dei neste to åra.

Skrogproduksjonen til Karstensens skjer i hovudsak i Gdynia i Polen, der det danske selskapet har oppretta selskapet Karsten Shipyard Poland.

Publisert: 21.06.2022 06:55

Sist oppdatert: 21.06.2022 07:06

Mer om