NTB o ATP Ysm Tj6o 1
PRISAUKE: Straum- og kraftprisane bidrar til at prisstiginga kjem til å liggje høgt også neste år. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Endå eit tungt år i vente – rekordmange fryktar for eigen økonomi

Pessimismen rår ved inngangen til eit nytt år. Mange trur dei får dårlegare råd og vil slite med rekningane. Prognosane tyder på at det er grunn til bekymring.

30.12.2022

NPK-NTB-Steinar Schjetne: – Alle kjem til å merke at det blir eit stramt 2023. Ingen slepp unna, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank1 til NTB.

Halvparten av dei spurde i ei undersøking Respons har gjort for banken, svarer at dei ventar å få dårlegare eller mykje dårlegare råd som følgje av skyhøge straumprisar, auka matvareprisar og stigande renter. Dei elleve åra undersøkinga har vorte gjennomførte, er det ikkje målt så utbreidd pessimisme.

Ein dryg tredel av deltakarane trur økonomien i året som kjem blir omtrent som før.

– Det er tydeleg at vi no stålset oss for eit nytt år der vi framleis må halde ut høge prisar på straum og mat, samtidig som rentene skal vidare opp, seier Gundersen.

Pessimismen rår i like stor grad hos Nordea. I undersøkinga dei har fått frå YouGov, trur kvar fjerde deltakar at dei vil få problem med å betale rekningane sine neste år. Blant familiar med små barn svarer heile 36 prosent at dei kan få problem med å gjere opp for seg.

– Det er urovekkjande tal som kan føre til ein kraftig auke i inkassosaker neste år. Det blir krevjande tider framover. Eg oppmodar alle som har det tøft til å ta kontakt med banken, Nav og/eller kreditorane for å få hjelp til å finne ei løysing, seier forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea.

Fryktar nye renteaukar
Bekymringa er ikkje utan grunn, skal vi tru prognosane. Det ligg an til å bli endå eit år med høg prisvekst, stigande renter og ytterlegare redusert kjøpekraft. Krigen i Europa rasar, fleire europeiske land går mot resesjon, USA ventar svakare vekst og i Kina er covid framleis ein betydeleg negativ faktor.

– Vi går inn i eit år der geopolitikk, energikrise og opprusting i Nato vil prege økonomien globalt og derfor i stor grad også norsk økonomi, seier økonomiprofessor Hilde C. Bjørnland ved BI.

Noreg er ikkje åleine i verda. Det som rammar handelspartnarane våre, vil uunngåeleg også ramme Noreg og norsk økonomi, påpeikar ho. Det blir ein vanskelegare balansegang å få ned inflasjonen utan å bidra til økonomisk resesjon. No er inflasjonen hovudbekymringa i sentralbankane i USA og Europa, og dei signaliserer at renta framleis skal opp. Det kan bli vanskeleg for Noregs Bank å stå imot, seier Bjørnland

Sentralbanken kan bli tvinga høgare enn den signaliserte rentetoppen på rundt 3 prosent neste år.

– Eg fryktar at dei andre sentralbankane vil halde fram med å setje opp renta. Då blir det vanskeleg for Noregs Bank å ikkje følgje etter, fordi for stor rentedifferanse vil svekkje kronekursen, noko som isolert sett fører til høgare prisvekst på det vi kjøper frå utlandet, seier Bjørnland.

Verre før det blir betre
I Europa synest resesjon å vere uunngåeleg og også USA kjem nok til å gå på ein smell, men vil lande mjukare enn mange europeiske økonomiar, ifølgje The Economist. Noreg ser ut til å komme betre ut av det enn mange av dei viktigaste handelspartnarane våre, meiner forskar Thomas von Brasch i Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det blir nok verre før det blir betre. Men vi ventar ikkje resesjon eller noko økonomisk tilbakeslag for norsk økonomi. Det blir svak vekst framover, men norsk økonomi kjem til å vere konjunkturnøytral neste år, noko som betyr at Fastlands-BNP vil vere på eit nær normalt nivå, seier von Brasch til NTB.

Sjølv om det blir trasig, er han ikkje med på at 2023 blir eit annus horribilis for folk og næringsliv – med stigande arbeidsløyse, fall i bustadprisane og lågare vekst. Vi kjem nok til å unngå dei meir katastrofeprega scenarioa andre prognosemakarar beskriv, meiner von Brasch.

– Det er eit veldig samansett bilete. Mange opplever å ha det tøft fordi prisveksten er veldig høg. Og viss ein ser på utviklinga i reallønna, så går den kraftig ned i år og ser ut til å falle også neste år. Så sjølv om mange har jobb og arbeidsløysa er låg, så har dei likevel beskjeden inntektsutvikling på kort sikt, seier han.

Unngår hard landing
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache uttaler seg som vanleg i forsiktige ordelag og vaktar seg for å komme med utsegner som kan oppfattast som nye signal om pengepolitikken. Renta skal mest sannsynleg opp med minst 0,25 prosentpoeng neste år og liggje på rundt 3 prosent gjennom året – viss det ikkje kjem hendingar som gjer at økonomien ikkje utviklar seg som sentralbanken har sett for seg.

– Det er større uvisse rundt prognosane no enn normalt, poengterer sentralbanksjefen.

Ei styringsrente på rundt 3 prosent betyr ei gjengs bustadlånsrente på oppunder 4,5 prosent.

– Vi ser eit omslag. Vi trur norsk økonomi har passert konjunkturtoppen og ventar svakare vekst framover. Mange bedrifter ventar fall i aktiviteten. Vi trur også at høg prisvekst og høgare renter som medfører svekt kjøpekraft for hushalda, vil medføre at forbruket fell inn i neste år, seier ho til NTB.

Bache bruker sjeldan omgrep som mjuk og hard landing. Ho trur likevel vi unngår eit kraftig tilbakeslag neste år.

– Vi ventar litt lågare aktivitet neste år og at arbeidsløysa skal stige litt. Det er ikkje ei utvikling eg vil karakterisere som ei hard landing i økonomien, seier ho.

Tala:

* Renta: Dei fleste, inkludert Noregs Bank og Statistisk sentralbyrå (SSB), ventar at vi når ein rentetopp på rundt 3 prosent neste år. Det tilseier ei gjengs bustadlånsrente på oppunder 4,5 prosent. Det er stor uvisse rundt grunnlaget for prognosane. Renta kan bli sett ytterlegare opp viss uventa forhold i økonomien tilseier det.

* Prisveksten: Inflasjonen kjem til å liggje på eit høgt nivå også i året som kjem, men skal nå toppen og byrje å minke gjennom året. Prognosemakarane er noko usamd om når prisvekta skal ned, men ho kjem til å liggje lågare ved slutten av året enn ved inngangen. SSB ventar at inflasjonen skal ende på 4,9 prosent for året samla sett.

* Lønn: Prognosemakarane ventar eit romslegare lønnsoppgjer neste år enn i år, men det ligg an til endå eit år med reallønnsnedgang, noko som inneber at du får mindre å bruke på til dømes forbruk. Noregs Bank anslår ein lønnsvekst på 4,7 prosent, omtrent på nivå med forventningane til partane i arbeidslivet.

* Bustadprisane: Eiendom Norge ventar at fallet i bustadprisane vil halde fram inn i neste år, og at prisane ved slutten av året skal liggje 3,5 prosent lågare enn ved starten. SSB spår eit fall på 5 prosent, slik at prisane vil liggje 8 prosent lågare enn då prisfallet starta hausten 2022.

* Arbeidsløysa: Det synest å vere utbreidd semje om at arbeidsløysa skal auke noko frå dagens svært låge nivå på 1,6 prosent (heilt ledige Nav-registrerte), men ikkje dramatisk mykje. AKU-arbeidsløysa (SSBs arbeidskraftundersøking) skal opp frå 3,3 til 3,7 prosent, trur SSB.

* I tillegg til dei store makrotala, trer ei rekkje mindre endringar som treffer folk direkte på lommeboka, i kraft neste år. Auka barnetrygd for mange, meir gratis skulefritidsordning, billigare barnehage og lågare elavgift kan samla og kvar for seg gjere livet litt enklare for mange.

Publisert: 30.12.2022 12:27

Sist oppdatert: 30.12.2022 12:37