Enorm interesse for norsk makrell
POPULÆRT: Grilla norsk makrell i smørsaus og ferske grønsaker, ein ettertrakta koreansk rett.
Nytt

Enorm interesse for norsk makrell

Koreanarar elskar fisk, og norsk makrell er favoritten. Det gir resultat.

15.05.2017
- Korea er ifølgje FN det landet i verda som konsumerer mest sjømat per person og norsk makrell er nummer ein for koreanarane, den føretrukne fisken både til kvardag og fest.
Dette seier sjømatutsending Gunvar Wie til NETT NO.
Wie er sjømatutsending for Sør-Korea og Japan og har sett korleis den norske sjømateksporten til Sør-Korea har hatt ein eventyrleg vekst dei siste åra, og ikkje minst makrellen.

TV-innslag

I 2016 eksporterte Norge 58.000 tonn makrell til landet og 82 prosent av all importert makrell kjem no frå Norge.
Og suksessen held fram. Nyleg var det store TV-innslag om norsk makrell midt i den beste sendetida.
Wie seier koreansk mattradisjon er ofte krydra og sterk mat med mange små rettar som ein del av måltidet. Kimchi er alltid med, fermentert kål.
- Makrell passar perfekt inn, gjerne som grilla eller braised (stua, red, merk).

Tradisjon og smak viktigast

Koreanarane er generelt opptatt av sunnheit og å få i seg nok Omega 3, men Wie seier at det ikkje er Omega 3-innhaldet i makrell som er utløysande for populariteten.
- Det er ein viktig faktor. Sunnheit er pluss, men det er tradisjon og smak som uansett er viktigast.
- Makrell er kultur i Sør korea, og norsk makrell smakar fantastisk godt!

Et 58,4 kilo per år

I 2016 eksporterte Norge sjømat for 2,1 milliardar kroner til Korea. Ein stor del av sjømaten vert vidareforedla i Korea.
Verdimessig har eksporten dobla seg sidan 2014. I tillegg til makrell, er laks og krabbe populært.
Medan sjømatkonsumet dalar i Norge, er det aukande i Korea. Ifølgje FAO et 99,6 prosent av alle koreanarane sjømat i løpet av året, og gjennomsnittleg konsumerer kvar innbyggjar 58,4 kilo sjømat i året.
Ingen et meir sjømat.

Ikkje 'billegfisk'

Makrellen er lavare prisa enn laks og kongekrabbe som vert rekna for å liggje opp mot ‘high end’-delen for sjømat, men Wie seier at det ikkje er prisen åleine som er nøkkelen til suksessen for makrellen.
- Makrellen er ein viktig del av matkulturen, så kvalitet er viktig. Makrell er ikkje ein ‘billegfisk’ eller ei billeg kjelde til proteinar.
- Vi måler preferansen for morsk makrell mot annan makrell og vi ser at vi hatt ein markant auke i preferanse for norsk makrell.
- For vår målgruppe er det norsk makrell dei ser etter i handelen.

Andre artar

I kjølvatnet av fokuset på makrell, laks og krabbe meiner Wie at det også kan opne seg muligheiter for andre fiskeslag.
- Vi har trua på den koreanske marknaden og det er interesse for andre artar, i tillegg til laks, makrell, kongekrabbe og snøkrabbe.
No gjennomfører Sjømatrådet ein studie for å finne ut meir om koreanarane sitt sjømatkonsum og kva andre artar som kan vere interessante.

Aller første konsumentanalysen

I følgje KMI (Koreanske maritime institutt) er dette den første opne konsumanalysen som nokon sinne er gjort i landet.

Resultata skal presenterast i starten av juni i eit felles seminar med Norges Sjømatråd og det Koreanske maritime insitutt. Då er norske og koreanske sjømataktørar samla.
- Det er ei svært spennende utvikling og den norske makrellen sin posisjon i Korea er heilt unik.
- Vi jobbar for å skaffe oss endå betre innsikt i marknaden og dette seminaret gir oss viktig og relevant kunnskap om den totale sjømatmarknaden i Sør-Korea, seier Wie.
Det er ei svært spennende utvikling og den norske makrellen sin posisjon i Korea er heilt unik

Publisert: 15.05.2017 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09