Libra plast Damen FRA VENSTRE EINAR PIEROTH CEO LIBRA RIKKERT WALLACE CATEGORY MANAGER DAMEN WORKBOATS B V AND ARMAND NYSTAD SALES DIRECTOR LIBRA
SIKRA STOR AVTALE: Mot slutten av 2024 fortalde Libra-Plast-sjef Einar Pieroth (t.v.) og salsdirektør Armand Nystad (t.h.) om ein ny stor avtale med Damen Shipyard Group. Her er dei saman Rikkert Wallace med frå det nederlandske selskapet. Foto: Libra-Plast
Nytt

Ny vekst, over dobling av overskotet og planar om utviding

Leiinga i Libra-Plast er «svært fornøyd» med jubileumsåret.

Marius Rosbach
08.09.2025

Den ferske rekneskapen til Hareid-bedrifta Libra-Plast viser eit svært godt år for selskapet som har lagt bak seg sitt 70. driftsår. 

Omsetninga gjorde eit nytt hopp frå kring 250 millionar til meir enn 333 millionar kroner. Samtidig blei overskotet over dobla samanlikna med året før. 

Selskapet har avvikande rekneskapsår som går frå april 2024 til mars 2025.

Dobla omsetning siste fem åra
Veksten i omsetninga for året er på 31 prosent. Det kjem på toppen av jamn vekst dei siste fem åra som har gjort at omsetninga er om lag dobla i den perioden. 

Også lønsemda betra seg betydeleg frå det førre rekordoverskotet frå året før. Igjen er finansinntektene med å dreg opp tala betydeleg. 

Eit resultat før skatt på 84 millionar kroner utgjer meir enn ei dobling av overskotet (sjå tabell under). 

 

Libra-Plast *  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt333,1253,8
Driftsresultat 28,913,7
Resultat før skatt8438,4

* Libra-Plast har avvikande rekneskapsår, frå 1/4-24 til 31/3-25

«Svært fornøyd» med resultatet
Libra-Plast har spesialisert seg på produksjon av skipsutstyr, i hovudsak dører og luker. Hovudkontor, sal og utvikling skjer på Hareid, medan det meste av produksjonen skjer i Latvia.

Leiinga ser seg «svært fornøyd» med resultatet, heiter det i årsmeldinga. Auken i løpet av året kjem av meir aktivitet og inntekt på investeringar i dotterselskap og tilknytta selskap. 

Resultatet gjer at eigarane ser rom for å ta 35 millionar kroner i utbytte frå selskapet. 

Libra-Plast Marius Lauva foto Marius
STÅLDØRER TIL SKIP: Libra-Plast har laga ståldører til skip i Latvia sidan 1990-talet. Marius Lauva har vore med sidan starten. Arkivfoto: Marius Rosbach Foto: Marius Rosbach

Har planar om å ekspandere
Libra-Plast har omlag 100 tilsette, fordelt på Hareid og Saldus i Latvia. 

Framover har dei planar om å ekspandere vidare. I årsmeldinga går det fram at produksjonskapasiteten er utnytta maksimalt. 

Dei neste to åra vil selskapet jobbe med planar for å utvide verksemda både når det kjem til bemanning og auke i produksjonskapasitet. Det blir opplyst i årsmeldinga. 

Fordi dette arbeidet vil krevje tid og ressursar, legg dei opp til lågare veksttakt dei neste par åra. 

Lokale eigarar er framleis med
Etter stor pågang av friarar bestemte Libra-Plast-eigarane seg for å selje til det børsnoterte svenske selskapet Lagercrantz Group i 2021.

Brakali Group, som er eigd av familien Lillebø, var tidlegare hovudeigarar, og har framleis ein eigarpost på 16 prosent. Dagleg leiar Einar Pieroth er også mellom fleire lokale eigarar, og har fem prosent av aksjane i Libra-Plast.

Lillebø-familien har mellom anna nytta kapitalen til å etablere ein ny møteplass, Millennium Co-Work, på Hareid.

Ny usikkerheit kring USA
Libra-Plasts-styret skriv vidare i årsmeldinga at krigføring i Ukraina og Midtausten skapar usikkerheit, men at det ikkje har påverka resultatet negativt i førre rekneskapsår. 

I løpet av det siste året er det også oppstått usikkerheit om situasjonen i USA. 

Ein fryktar at nye tollsatsar og andre signal derifrå, kan påverke verdsmarknaden negativt. 

Publisert: 08.09.2025 10:53

Sist oppdatert: 08.09.2025 10:53

Mer om