Traineeprogram Frida Eirin Voldnes Anna Klara Maseide foto Andreas Bjerknes Vikebladet Vestposten
TRENG FLEIRE BEDRIFTER: Prosjektleiar Frida Eirin Voldnes (t.v.) og dagleg leiar Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum ønsker at fleire bedrifter tek kontakt for å vere med på nytt traineeprogram. Foto: Andreas Bjerknes/Vikebladet
Nytt

Enorm respons på traineeprogram

Nærare 50 kandidatar har teke kontakt – men ordninga treng fleire stillingar.

Marius Rosbach
04.09.2024

Eit nytt traineeprogram for søre Sunnmøre opplever enorm respons frå kandidatar som ønsker vere med i ordninga.

I sommar gjekk dei ut og etterlyste bedrifter og offentlege arbeidsgivarar som vil vere med på opplegget.

– Vi har rekruttert inn nærare 50 potensielle traineear – unge talent som er framtidas leiarar, utviklarar og innovatørar, heiter det i ei pressmelding frå prosjektleiar Frida Eirin Voldnes.

Har berre to stillingar så langt
Utfordringa for arrangørane er at dei så langt berre har to utlyste stillingar tilgjengeleg i programmet i bedriftene Tussa og Brimer.

– Tenk deg kor mange søkjarar vi ville hatt om vi hadde fleire stillingar, heiter det i meldinga.

Dei oppmodar difor interesserte bedrifter og aktørar i søre-kommunane til å ta kontakt med Ulstein Næringsforum som har regien for opplegget.

Lønna arbeid i eitt år
Traineeprogrammet går ut på at kandidatane har lønna arbeid i bedrifta i ei periode på eitt år. Programmet rettar seg spesielt mot unge vaksne som nettopp har fullført studie.

– Desse utgjer eit fantastisk potensiale for regionen, som vi ikkje får mobilisert utan fleire traineebedrifter, skriv arrangørane vidare.

Undersøkingar viser at slike ordningar er eit godt verkemiddel både for å få folk til å kome til regionen – og til å bli her. Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Fylkeskommune er med å finansiere programmet som skjer i samarbeid med dei andre næringslaga i distriktet.

Publisert: 04.09.2024 11:51

Sist oppdatert: 04.09.2024 12:44

Mer om