Ulf Andersen Nav Foto Marius Rosbach 11
GÅR RETT VEG: På The North West måndag fortalde statistikksjef Ulf Andersen i Nav at fleire har kome i arbeid her til lands dei siste åra. Men framleis står mange menneske utanfor arbeidslivet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tre grep kan løyse krisa med færre yrkesaktive

Nav sin fremste talknusar hadde med seg godt nytt for Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
30.04.2024

Måndag stod utfordringane med ei aldrande befolkning og færre yrkesaktive på dagsorden under The North West i Ålesund.

Det skjedde i form av eit seminar om sosial berekraft og entreprenørskap, der også utanforskap i arbeidslivet fekk stor merksemd.

Sjølv om Møre og Romsdal står ovanfor spesielt store utfordringar på dette området dei neste åra, hadde statistikksjef Ulf Andersen i Nav med seg godt nytt for fylket.

– Desse utfordrande er mogleg å løyse. Desse menneske som trengst i arbeidslivet, dei finnast. Vi må berre bruke dei, seier Andersen til Nett No.

Desse menneske som trengst i arbeidslivet, dei finnast
Ulf Andersen

Peiker på tre grep
Nav-leiaren peiker på tre grep som kan gjerast for å sikre både private og offentlege fleire medarbeidarar. Ein god start kan vere å inkludere dei kring 30.000 personane som av ulike årsaker står utanfor arbeidslivet i Møre og Romsdal.

– Det andre grepet, er å få ned fråfallet som følgje av sjukefråvær. Vi har eit høgt sjukefråvær i Norge. Det gjer at arbeidslivet går glipp av arbeidskraft kvar einaste dag – og for mange endar på uføretrygd, seier Andersen.

Det tredje grepet, er å få folk til å stå lengre i arbeidslivet ved at dei jobbar eit år, eller to lengre enn dei gjer i dag før pensjonslivet startar.

– Om vi klarer å gjere dei tre tinga, så er vi i mål. Det er eg overtydd om, seier statistikksjefen.

Brisk the north west foto marius 11
BRISK: Arbeids- og inkluderingsbedrifta Brisk var mellom dei som presenterte ulike vegar inn i arbeidslivet under The North West måndag. Foto: Marius Rosbach

50.000 fleire har kome inn i arbeidslivet
600-700.000 personar står framleis utanfor arbeidslivet i Norge - men pilene peiker i rett retning fortel statistikksjefen.

– Talet på folk som står utanfor arbeidslivet har falle sidan 2019, og vi har fått kring 50.0000 menneske inn i jobb dei siste åra, fortel Andersen.

Samtidig veks befolkninga – som gjer at talet på dei som står utanfor arbeidslivet, ikkje går ned like mykje. Det er skapt kring 150.000 nye jobbar her til lands sidan Støre-regjeringa kom til makta, eit tal statsrådar frå regjeringspartia har vore ivrige med å understreke.

– Dei som har vore på sidelinja
Andersen meiner tala stemmer og at ting går i rett retning,

– Men etter mitt skjønn skjer ikkje dette fordi arbeidsgivarar er blitt veldig flinke til å ta inkludering på alvor, men fordi vi har fått ein veldig stram arbeidsmarknad.

– Det er mange ledige stillingar og nesten ingen arbeidsløyse. Då blir krava til arbeidsgivarane lågare. Det opnar moglegheita for dei som har vore på sidelinja, legg han til.

Det er kanskje det viktigaste vi kan fortelje: At vi «har bruk for deg»
Stein Veland

– Ein arbeidskraftreserve vi har bruk for
Fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal likte bodskapen frå statistikksjefen, om at dei demografiske utfordringane til fylket kan løysast.

Samtidig er det skilnad på å vite kva løysinga kan vere, til at ein faktisk klarer å gjennomføre grepa som skal til.

– Det er ein arbeidskraftreserve vi har bruk for. Det er kanskje det viktigaste vi kan fortelje: At vi «har bruk for deg». Det er så mykje betre å få den beskjeden, enn at vi skal «finne noko til deg», sier han.

– Eg trur vi må bli flinkare til å fortelje frå tidleg alder, at «du som har så mykje energi i klasserommet, deg har vi bruk for i den og den bransjen», legg Veland til.

Publisert: 30.04.2024 05:00

Sist oppdatert: 30.04.2024 00:49

Mer om