Equinor hovedkontor Foto Håkon Mosvold Larsen NTB NPK
VURDERER HYDROGENRØYR: Equinor har begynt å utforske moglegheitene for å lage hydrogen frå naturgass i Noreg og eksportere det i røyr til Europa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Nytt

Equinor vurderer hydrogenrøyr til Europa

Equinor har sett i gang ein studie for å sjå på moglegheitene for storstilt eksport av hydrogen laga av naturgass.

Marius Rosbach
15.02.2021

NPK-NTB-Johan Falnes): Eit hydrogenanlegg i Noreg med ti gonger så stor kapasitet som metanolfabrikken på Tjeldbergodden.

Og eit nytt røyr til fleire milliardar kroner.

Det er kjernen i moglegheitsstudien som no ligg på teiknebrettet hos Steinar Eikaas, sjef for lågkarbonløysingar i Equinor. Ideen er å lage såkalla blått hydrogen i Noreg, det vil seie hydrogen som er framstilt av naturgass, men der ein fangar og lagrar det meste av CO2-ein som blir frigjord i produksjon. Så skal hydrogenet eksporterast i røyr til Europa.

– Det vi veit per i dag, er at viss vi skal byggje eit anlegg som kan rettferdiggjere eit røyr, så snakkar vi om hydrogenvolum i storleiksorden 100 terawattimar. Det vil utgjere cirka 10 prosent av det vi eksporterer som naturgass i dag, seier Eikaas.

– Viss vi gjer dette, så blir det gigantisk, fastslår han.

Uviss prosjekt
Equinor tek likevel sterke atterhald om moglegheitsstudien.

Kva konklusjonen blir, er langt frå gitt.

Eit hovudspørsmål er om Noreg har nok gass igjen på sokkelen til å kunne forsvare utbygginga. Eit hydrogenanlegg som står klart i 2030, må kunne forsynast med tilstrekkelege mengder naturgass 30 år fram i tid, forklarer Eikaas.

– Viss vi legg det i Noreg, så er vi avgrensa til norsk gass. Legg vi det i Europa, kan vi eigentleg bruke kva gass som helst. Så vi må vere trygg på at vi har nok gass, seier han.

Eit anna spørsmål er kvar Equinor skal gjere av CO2-ein. Hydrogenproduksjonen vil generere fire gonger meir CO2 enn kva det planlagde CO2-lageret Northern Lights har kapasitet til å handtere.

– Så vi må òg vere trygge på at vi har formasjonar der vi kan lagre CO2-ein. Det er òg ein del av studien.

Håp om ringverknader
Olje- og energiminister Tina Bru (H) har tidlegare avfeia storskala eksport av hydrogen frå Noreg som urealistisk fordi utbygging av nye røyrleidningar vil vere for dyrt.

Det enklaste og billegaste vil vere å leggje hydrogenproduksjonen på kontinentet, og så hente CO2-ein heim for lagring, innrømmer Eikaas. Og fram til no er det nettopp slike prosjekt for hydrogenproduksjon i andre europeiske land Equinor har jobba med.

Men storselskapet har òg eit industrikappløp å ta omsyn til:

– Det er arbeidsplassar og ringverknader for industrien som kan tale for at vi eventuelt kan leggje dette i Noreg, seier Eikaas.

– Den industrielle sida ved det er minst like viktig som sjølve hydrogenet og eksporten av energi.

Milliardinvestering
Nøyaktig kva eit hydrogenrøyr vil koste, er uklart. Men etter det NTB forstår, blir det snakket om ei investering på fleire milliardar kroner.

Equinor får no hjelp av forskings- og utviklingsavdelinga i Gassco til analysane.

– Vi må sjå på kva tekniske moglegheiter som finst for å trekkje i land eit slikt røyr i Europa. Det vil ha betydning for kostnaden. Vi må òg sjå på kor stort røyret skal bli og kva mengder hydrogen som skal gå igjennom det, seier overingeniør Svein-Erik Losnegård i Gassco til NTB.

Ser store moglegheiter
Benedicte Solaas, fagsjef for klimapolitikk i Norsk olje og gass, ser store moglegheiter i prosjektet.

– Du får ein investeringskostnad på røyret som sjølvsagt vil vere ganske høg. Men samtidig vil du leggje til rette for ei heilt ny næring som vil bidra til både verdiskaping og arbeidsplassar heime, seier Solaas til NTB.

Ho har ei klar oppmoding til norske politikarar:

– Skal vi bli ein hydrogennasjon, må vi våge å satse.

Fakta om hydrogen

* Hydrogengass (H2) dekkjer i dag berre 2 prosent av EUs energiforbruk, men kan få ein viktig rolle i innsatsen for å nå klimanøytralitet i Europa dei nærmaste tiårene.

* I dag blir hydrogen i første rekke brukt i kjemisk industri og i oljeraffinering.

* Det aller meste av hydrogenet som blir brukt i Europa i dag, blir framstilt frå naturgass eller kol, med betydelege utslepp av CO2. Dersom CO2 som blir frigjort i produksjonen, blir fanga og lagra, kan hydrogen framstillasr frå naturgass med låge utslepp. Dette blir kalla blått hydrogen.

* Hydrogen kan produserast utsleppsfritt ved hjelp av fornybar kraft gjennom elektrolyse av vatn. Dette blir kalla grønt hydrogen.

Publisert: 15.02.2021 08:30

Sist oppdatert: 15.02.2021 16:19

Mer om