Er optimistar etter prestisjeoppdrag
Langevåg-bedrift med kraftig vekst og ferdig med sitt største oppdrag nokon gong.
- Vi som mange andre i denne bransjen, har vore gjennom ein periode med sterk vekst.
Det seier dagleg leiar Stig Bjørkedal i Langevåg-bedrifta Cflow Fish Handling.
Frå 2019 til 2020 auka omsetninga med heile 100 millionar kroner, til 573 millionar, men samstundes gjekk drifta 8 millionar i minus.
- Vi hadde nok litt vekstsmerter, der ting gjekk litt for fort. Vi har framleis vekstambisjonar, men no har vi fokus på sunn drift, god kontroll i alle ledd og levering på avtalt tid og kvalitet.
Rekordleveranse til Gåsø Høvding
Sula-bedrifta er
store på produksjon av utstyr for fiskebehandling, spesielt innanfor
brønnbåtmarknaden. Nyleg avslutta selskapet sitt største enkeltprosjekt
nokon gong,
- Eit svært viktig og spennande prosjekt, seier marknadsdirektør Gunnar Hoff.
Prosjektet gjeld komplette leveransar av fiskehandteringsutstyr til brønnbåten Gåsø Høvding, som har ein lastekapasitet på 7.500 kubikkmeter fordelt på tre vertikale tankar.
- Vi har levert alt av utstyr til fiskehandtering, avlusing, fiskevelferd, overvaking og undertrykkssortering, seier Hoff.
Auka fokus på fiskevelferd
Pumpekapasiteten er på 1.000 tonn i timen.
- Dette er 200.000 slakteklar fisk i timen, rundt 3.300 i minuttet og 55 i sekundet.
- Heile prosessen er over på 1-1,5 time, og systemet er slik at det vert lite stress- og trengingsskadar.
Hoff trur på fleire liknande oppdrag.
- Det er stadig større fokus på fiskevelferd, og dette systemet er godt for fiskehelsa.
- I tillegg er det fleksibelt, blant anna ved at ein kan sortere ut laks i ulike størrelsar, og pumpe den minste laksen tilbake i merdane, om det er behov for ytterlegare vekst.
Tyrkisk samarbeid
Gåsø Høvding er bygt ved det tyrkiske Sefine-verftet. Det same er Gåsø Odin, som også vert utstyrt av Cflow. Denne brønnbåten får ein kapasitet på 4.500 kubikkmeter.
I ordrelista er også leveransar til Brønnbåt Nord, også ein båt som skal byggjast ved Sefine-verftet.
- Vi har hatt eit langt og godt samarbeide med Sefine, seier Bjørkedal.
Dette er 200.000 slakteklar fisk i timen, rundt 3.300 i minuttet og 55 i sekundet
Stor tru på Kina
Gunnar Hoff har spesielt god tru på den kinesiske marknaden framover.
- Her skjer det mykje, og vi er godt posisjonerte til nye leveransar.
Cflow er alt inne med levering av fiskehandteringsutstyr til ein kinesisk bygd brønnbåt til ein kinesisk reiar.
- I tillegg har vi kontrakt med ein kinesisk bygd båt til ein chilensk reiar.
Spent på utviklinga
Både Bjørkedal og Hoff er spent på korleis marknaden vil utvikle seg som følgje av Ukraina-krigen og russiske sanksjonar.
- Vi merka godt konsekvensane av koronaen, men konsekvensane av denne konflikten kan verte like store.
- Spesielt ser vi no at råvareprisane aukar kraftig, og det er samstundes problem med å skaffe ein del sentrale komponentar.
- Vi er absolutt optimistiske, men vi er samstundes spente på utviklinga.
Publisert: 06.04.2022 05:00
Sist oppdatert: 05.04.2022 21:18