Peter leon fauske glen bradley Ingegjerd Eidsvik Stig Olav Bjørkedal Irene Mjelde 11
MILLIARDOMSETNING: Petter Leon Fauske (MMC First Process), Glen Bradley (Rostein), Ingegjerd Eidsvik (Artec Aqua) og Irene Mjelde (Optimar) i fremste rekke, representerer alle selskap med milliardomsetning. Stig Olav Bjørkedal(Cflow) i bakre rekke kan bli den neste. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Alle gode ting kan vere 13

Nordvestlandet har fått fleire nye milliardselskap i kjølvatnet av teknologiutviklinga i oppdrett. Det kan bli fleire.

Marius Rosbach
22.08.2021

ANALYSE:

Denne veka blei det kjent at 13 aktørar som på ulikt vis jobbar med å lage, selje og bruke teknologi i oppdrettsnæringa, skal samarbeide gjennom nettverksselskapet Global Aquaculture Technology Hub (GATH).

Deltakarane er breitt samansett og fleire er verdsleiande på sine felt. Bedriftene gjer alt frå å drifte båtane som fraktar fisken, analysere fiskehelsa, drette opp laks på land og forske på korleis det heile heng saman.

I år vil desse bedriftene til saman ha inntekter på meir enn seks milliardar kroner. Ein handfull dreg opp omsetninga til nye høgder. MMC First Process og Artec Aqua vil bikke milliarden i omsetning i år. Frå før er reiarlaga Rostein og Sølvtrans i same divisjon, saman med Optimar og Hofseth-konsernet. Neste selskap som når milliarden kan vere Cflow i Sula.

Ein av drivarane bak dei auka inntektene for fleire av desse lokale bedriftene, er Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg sør for Bud. Inntil produksjonen kjem i gong, bidreg ikkje lakseoppdrettarane sjølv med inntekter til reknestykket over. Men investorane er allereie i gong med neste anlegg i Sør-Korea - som også vil ha behov for leveransar. Med andre ord er det meir i vente.

Det er ingen tvil om at Rostein-topp Glen Bradley – som sjølv sit i Salmon Evolution-styret - har sine ord i behald frå byggestarten av anlegget i fjor mai. Han meinte verksemda ville vere stimulerande for heile lakseklynga på Nordvestlandet.

Sidan då har Ålesund-selskapa Artec Aqua og Acel sikra seg rekordkontraktar som følgje av utbygginga. Det same har Herøy/Ålesund-selskapet MMC First Process. Alt frå lokale entreprenørar, til Møre Trafo i Sykkylven har fått jobb i samband med bygginga på Indre Harøy. Og denne veka blei det kjent at Salmon Evolution kjøper familiebedrifta Kraft Laks i Volda, for å dekke behovet for smolt dei komande åra.

I kjølvatnet av bedriftene som allereie er i marknaden, vil det kome nye. It-selskapet Createview er eit døme. Dei jobbar med kunstig intelligens som overvaker fisken i merdane, og melde seinast fredag om sin første avtale på ei nedsenka oppdrettsanlegg med selskapet Nekst. Sande-selskapet Inseanergy er ei anna bedrift som kan vere med å gjere «kaka større». Dei nyttar solenergi til å forsyne oppdrettsanlegg med straum og står på spranget til å gå inn i marknaden.

Oppdrett i fjordane og havs vil framleis utgjere tyngdepunktet i framtida. Men no er det utfordringar med lus og fiskevelferd, og på Nordvestlandet er det for augneblinken raudt lys for vekst.

Bransjen jobbar hardt for å betre situasjonen og nyttar ei kvar anledning til å påpeike at dei må stå saman om å blir meir berekraftige. Det gjorde også Glen Bradley då den nye havbruksklynga blei lansert på Atlanterhavsparken denne veka. Og han påpeika at nettopp teknologien frå bedriftene i dette nettverket kan løyse utfordringane.

Bodskapen om meir berekraftig drift blir tydeleg lagt merke til. Interessant nok var dei kritiske spørsmåla nærast fråverande då eit toppa lag med ungdomspolitikarar nyleg drog på tur med Sjømatbedriftene til Storfjorden for å høyre om Roger Hofseth sine oppdrettsplanar. Responsen var at dette var «kjempestas å høyre om» og at næringa burde «gønne på» i same sporet.

Sjølvsagt finst det skjer i sjøen. Rostein-sjef Glen Bradley åtvara i eit intervju med NETT NO mot at vekstpotensialet i oppdrettsnæringa vil bli bremsa om politikarane «tek ut» for mykje av overskotet undervegs. Han er uroa for at eit høgt skattenivå, gjer at bedriftene vil mangle vekstkapital og misse moglegheitene til å kapre nye marknader.

– Det kan hindre at man får ut potensialet i næringslivet, som i neste omgang skal være med å finansiere velferda her til lands, påpeika han.

Diskusjonen om auka grunnrenteskatt - at oppdrettsnæringa skal betale meir for å utnytte naturressursane – har vore politisk parkert dei siste åra. Eit regjeringsoppnemnt utval i 2018 foreslo å innføre ein grunnrenteskatt ut frå overskota i bedriftene.

Eit reknestykke som E24.no presenterte denne veka, viste at Salmar-konsernet – der Witzøe-familien er storeigarar - ville betalt ein milliard meir i skatt med ordninga som utvalet la på bordet. Med slike summar involvert, og eit regjeringsskifte i sikte, aukar moglegheitene for at spørsmålet kjem opp att. Ifølgje E24.no, er både Venstre, KrF, SV og Raudt opne for å skjerpe skattetrykket på næringa.

Den politiske kampen på heimebane er berre ein av utfordringane bransjen står ovanfor. Konkurransen om å levere anlegg og utstyr til framtidas fiskeoppdrett er eit global meisterskap. Sjølvsagt vil Kina og andre konkurrentar kome på banen med betre vilkår enn norske styresmakter kan varte opp med.

Klyngesamarbeidet som blei presentert på Atlanterhavsparken denne veka er uansett eit solid skritt i rett retning for at regionen skal få ta del i verdiskapinga som kjem.

Publisert: 22.08.2021 05:55

Sist oppdatert: 22.08.2021 06:15

Mer om