Det er store store utbyggingsplanar i Dragsund-området i Herøy.
Entreprenørselskapet Aurvoll & Furesund i Herøy og kjøpesenterkjeda Alti i Surnadal gjekk først saman. I år kom også Coop Nordvest med på laget.
Saman vil dei bygge ut 215.000 kvadratmeter med foretningar, bustadar og bygg for offentlege tilbod der vegane frå ytre deler av Herøy, frå Sande/Vanylven, frå Ørsta/Volda og Ulstein/Hareid møtes.
No har dei tre samarbeidspartnarane etablert selskapet Dragsund Næringspark, med ein tredjepart av aksjane kvar.
Håpar på byggestart innan 2027
Oppgåva til Dragsund Næringspark er å stå for prosjektering og regulering av området, og eventuelt også få rolla som eigedomselskap seinare, seier Lars Løset i Alti-konsernet til Nett No.
I første omgang ventar investorane på at kommunedelplanen for området skal bli ferdig. Håpet er at den skal vere klar i løpet av 2025, seier dagleg leiar Evind Lars Berge i Aurvoll & Furesund.
Om den tidsplanen held, reknar han med eitt til to år med planlegging og regulering.
Noko av det fysiske arbeidet med utbygginga, kan starte før Dragsund Næringspark er heilt ferdig med planlegging- og reguleringsarbeidet.
Kommunedelsenter
Utbygginga av Dragsund-området vart presenter som eit kommunedelsenter, på sørsida av vegen ved handels- og næringsområdet som allereie er etablert på nordsida av vegen i området i dag.
Det er i utgangspunktet Aurvoll & Furesund som eig prosjektet, og som allierte seg med Alti-konsernet - og seinara Coop Nordvest for å utvikle området.
Prosjektleiar Kay-Terje Myklebust i Aurvoll & Furesund sa til Nett No i 2023, at selskapet har avtalar med alle grunneigarane om å kjøpe arealet som skal byggast ut.
Publisert: 08.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 08.04.2025 00:37






