Rune Taklo foto Ogne
OPPTUR: Etter to magre år for klesbransjen, går pilane endeleg rette vegen att for Frislid-sjef Rune Taklo. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Etter to magre år, sel Frislid finklede som aldri før

Slutten på koronarestriksjonane vart starten på oppturen for Frislid Konfeksjon.

Kjell Arne Steinsvik
01.08.2022

– 2022 vert eit brukbart år for oss. Det treng vi sårt, etter to fryktelege år. Tala er optimistiske, og det vi har førehandsselt for levering til hausten ser bra ut. Vi kjempar no for å få levert det i tide.

Dette seier dagleg leiar Rune Taklo i Frislid Konfeksjon og Frislid Herrekvipering.

Konfeksjonsbransjen er ein av bransjane som vart hardast råka av pandemien, då sosiale samankomstar vart halde på eit minimum i to år.

Frislid Konfeksjon AS
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 33,58 28,16
Driftsresultat 0,64 -2,68
Resultat før skatt 1,06 -2,47

Også dette året starta dårleg, men det tok seg brått og bratt opp då alle restriksjonane vart fjerna og folk kunne samlast som normalt.

– Det har vore veldig bra april, mai og juni månader. Juli var litt rolegare. Om det skuldast det dårlege vêret eller anna, veit vi ikkje, seier Taklo.

Kaos i Europa

Sjølv om pandemien tilsynelatande er over for denne gong, lurer andre utfordringar. No er det lange leveringstider som skaper litt hovudbry.

– Marknaden er veldig ustabil, både når det gjeld råvarer, ferdigvareleveranser og frakt. Sjølv om vi ikkje merkar så mykje til det i Noreg, er det kaos i Europa, seier Taklo.

Frislid Herreekvipering AS
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 7,25 6,58
Driftsresultat 1,34 1,09
Resultat før skatt 1,26 0,99

Gamblar

Dette fører til at Frislid, som hentar stoffet frå Italia og syr det saman i Baltikum, må ta nokre nye sjansar med logistikken.

– Når det gjeld haust- og vårkolleksjonar, er det ikkje tid til å førehandsselje først og kjøpe råvarer etterpå. Vi må gamble på å bestille råvarer før vi normalt ville gjort. Det er ikkje nokon ønskesituasjon. For når vi lagar ein kolleksjon, veit vi ikkje alltid kva som fell i smak for innkjøparane. Då risikerer vi å bomme.

296273561 378159981123710 6334397453741739765 n
BUTIKK: Frislid Herre sitt utsal på Alti Nordfjordeid. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Ein del veveri i utlandet slit også med å skaffe nok personell og råvarer.

– Det er ikkje berre-berre. I Noreg var det mange bedrifter som permitterte, medan andre land i Europa ikkje har den ordninga. Dei var nøydde å seie opp folk, som dei no ikkje får tilbake.

Skal ta att mykje

Trass utfordringane ser situasjonen lysare ut enn på lenge. Særleg merkar konfeksjonsbransjen at to år med utsette bryllupsfeiringar kjem på toppen av årets bryllaup. Mange oppdagar at dei brått treng nye finklede.

– Det har vore eit veldig køyr. Til dømes er det vanlegvis ein stabil etterspørsel etter smokingar, men i år har er det firedobla. Det er tydeleg at det er mange som har mykje å ta att, seier Taklo.

Publisert: 01.08.2022 09:16

Sist oppdatert: 01.08.2022 09:17