Kristin Alnes foto Ogne Pelagisk Arena 2024
FEIL FORSTÅING: Noreg handlar som om EU vil forhandle om fiskeripolitikk uavhengig av alle andre saker, meiner fagsjef Kristin Alnes i Sjømat Norge. Foto: Ogne Øyehaugs
Nytt

Etterlyser meir realisme i fiskeriforhandlingane

Fagsjef i Sjømat Norge etterlyser erkjenning av at EU vil ha noko attende for å gi gode vilkår for norsk sjømat.

10.01.2024

- Dei vi forhandlar med i Europa koplar sjømat til andre område, seier Kristin Alnes.

Som fagsjef i NHO-organisasjonen Sjømat Norge har ho arbeidd med internasjonale vilkår for norsk sjømateksport i ei årrekkje.

Onsdag er ho ein av innleiarane på Pelagisk Arena i Ålesund, som har samla over 300 fiskebåtreiarar, fiskeindustrileiarar og andre aktørar i den delen av sjømatnæringa som driv med fiske, foredling og sal av sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag.

Ho meiner norske styresmakter i for stor grad handlar som om vilkåra for fiskeeksporten, er noko som kan forhandlast fram uavhengig av alle andre saker Noreg forhandlar med andre land om. Det ferskaste dømet er forhandlingane om fornying av vilkåra for eksport av bearbeidde fiskeprodukt til EU, som var i sluttspurten i fjor haust.

Taktisk feilgrep
Samstundes som forhandlingane pågjekk, varsla regjeringa auka toll på importerte grønnsaker i statsbudsjettet for 2024. Eit slikt framlegg burde regjeringa i det minste venta med til revidert statsbudsjett blir lagt fram i år, av forhandlingstaktiske omsyn, meiner ho.

- Vi trur vi kan forhandle betre vilkår for norsk sjømat utan at andre område blir påverka, seier Alnes.

Det handlar om alt frå norsk toll på importerte landsbruksprodukt, til storleiken på det norske økonomiske bidraget til EU gjennom EØS-avtalen.

Makrellstrid
Vilkåra for sjømateksporten til EU blir forhandla for sju år om gangen. I denne runden miste Noreg ein fordel makrelleksportørane hadde i førre periode. Grunnen var at EU kobla vilkåret med at Noreg og EU ikkje hadde greidd å bli samde om ein avtale som regulerer korleis makrellfisket skal fordelast mellom land som har makrellen i sine farvatn.

- Vi fekk ikkje vidareført kvote for (tollfri, red. merk) makrellfilet fordi vi var ueinige om forvaltninga av makrell, seier Alnes.

Eit anna døme er frå Solberg-regjeringa og forhandlingane om handelsvilkåra med Storbritannia etter at Storbritannia forlet EU.

Storbritannia ville ha det Alnes kallar mikroskopis auke i kvotane for tollfri eksport av kjøt og ost til Noreg. Regjeringa sa nei, og skusla etter Alnes bort sjansen til ei vesentleg betring i vilkåra for eksport av norsk sjømat til Storbritannia.

Motseier kvarandre
Ambisjonane om å auke norsk sjømateksport og spesielt å auke eksporten av sjømat som er vidareforedla i Noreg er i strid med det som politikarane gjer står i motstrid til kvarandre, meiner Alnes.

Det er først og fremst bearbeida og vidareforedla sjømat det blir lagt toll på, slik at dagens handelsvilkår begrensar sjansen for å auke norsk foredlingsindustri

Publisert: 10.01.2024 15:03

Sist oppdatert: 10.01.2024 15:46