Evotec kapra offshoreavtale
Leverer til prestisjeprosjekt og trur på fleire kontraktar.
Evotec har sikra seg oppdraget med å levere to avanserte LARS-system (launch and recovery system) om bord på Eidesvik Agalas sitt nye offshoreskip, ifølgje ei pressemelding.
Det er snakk om eit 99 meter lang IMR-skip (inspeksjons, vedlikehald, og reparasjonsfartøy) som skal leverast i 2026.
Først med metanol
Fartøyet blir bygd ved Sefine-verftet i Tyrkia og er planlagt å vere verdas første metanoldrivne skip innan subsea og havvind-segmentet.
Om bord blir det ein stor hangar med dei elektriske vinsjane frå Evotec. Skipet skal også ha ein 150 tonns kran og kontrollsystem frå Ulsteinvik-bedrifta.
Salssjef Geir Henning Kalvatn i Evotec fortel at dei har jobba lenge med å lande oppdraget. Eidesvik Agalas er eit samarbeidsprosjekt mellom Eidesvik Offshore og nordnorske Agalas. Reiarlaget har opsjon på fire skip til.
Trur på fleire offshoreoppdrag
Offshore- og seismikk er marknader der Evotec tidlegare har levert ein rekke store ordrar, der det no er blitt ny aktivitet.
Evotec-sjef Jogeir Romestrand fortel at han har stor tru på at dei skal sikra seg fleire kontraktar innan offshore i tida som kjem.
Selskapet er del av Entec-konsernet som hadde mellom 600 og 700 millionar i omsetning i fjor.
Publisert: 20.03.2024 18:29
Sist oppdatert: 20.03.2024 18:37