Håvard haanes foto Marius 11
EKSPORTAVTALE: Entec Group-sjef Håvard Haanes er godt nøgd med starten på 2024. Foto: Marius Rosbach
Nytt

- Nauta god start

Tre eksportkontrakter for Brimer.

04.01.2024

Entec Brimer har inngått kontrakt om å levere tankar til Skottland, England og Danmark. Eit strategisk gjennombrot i eksportmarknaden, seier dagleg leiar i Entec-konsernet og i Entec Brimer, Håvard Haanes.

Medrekna ein kontrakt med ein kunde i Noreg startar Entec Brimer på Kvamsøya med oppdrag om å bygge 14-15 tankar på mellom 100 og 500/600 kubikkmeter, ifølgje Haanes.

- Ein nauta god start, seier han om byrjinga på 2024 for Entec Brimer.

Tankane blir bygd i kompositt og kjøparane er fiskeindustribedrifter som brukar dei til lagring av blodvatn, ensilasje, fiskeolje og fiskeprotein.

Auka inntekter
I 2023 hadde Entec-konsernet mellom 600 og 700 millionar kroner i driftsinntekt og ein samla ordreinngang på i underkant av 700 millionar, ifølgje Haanes.

I 2022 hadde konsernet 530 millionar kroner i driftsinntekt og 18 millionar kroner i resultat før skatt.

Medan Entec Brimer byggjer tankar i kompositt lagar det andre datterselskapet i konsernet, Entec Evotec, mellom anna kraner og vinsjar for den maritime marknaden.

Publisert: 04.01.2024 11:58

Sist oppdatert: 04.01.2024 13:56

Mer om