(NPK-NTB/NETT NO): Då det i dag blei klart at avtalen om norske overføringar til EU for perioden 2014– 2021 er klare, blei det også erklært semje om marknadstilgang for norsk sjømat i EU. Overføringane er ein del av EØS-avtalen, den økonomiske samarbeidsavtalen mellom Noreg og EU. Avtalen gir mellom anna fri tilgang til EU-marknaden for store deler av norsk næringsliv.
I praksis inneber avtalen mellom anna større tollfrie kvotar for norsk fiskerinæring. Filet og foredla produkt som frosen makrell og fersk sild har fått nye kvotar, medan dei noverande kvotane for krydder- og eddiksild blir auka med 50 prosent.
– Eg er svært nøgd med at vi endå ein gong har fått til marknadsforbetringar for norsk sjømat, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) om den viktigaste marknaden til Noreg.
Fiskeeksporten auka med 1,5 milliardar kroner frå første halvår i fjor. Auken kjem trass i handelsstopp med både Russland og Kina.
– Vi har spreidd egga i mange korger og greier oss fint trass i at dei største eksportmarknadane ikkje er tilgjengelege, sa statsråd Aspaker til nettavisa E24 i førre veke.
Rekninga for avtalen Noreg og EU er blitt samde om er på 388 millionar euro i året i perioden 2014– 2021.
Han kunngjorde i dag at Noreg skal bidra med 388 millionar euro i året – rundt 3,3 milliardar kroner – til 15 av dei mindre velståande landa i EU. Medan tidlegare avtalar har gått over fem år, gjeld denne for sju og åra 2014– 2021.
Den samla prisen dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein betalar for EØS-avtalen i heile perioden, blir om lag 2,8 milliardar euro. Det er nesten 25 milliardar kroner etter den noverande kursen.
EØS-avtalen har med det blitt i overkant av 11 prosent dyrare. Ifølgje UD er det ein auke som svarar omtrent til inflasjonsjustering i mottakarlanda.
Avtalen må godkjennast av Stortinget og medlemslanda i EU.
I praksis inneber avtalen mellom anna større tollfrie kvotar for norsk fiskerinæring. Filet og foredla produkt som frosen makrell og fersk sild har fått nye kvotar, medan dei noverande kvotane for krydder- og eddiksild blir auka med 50 prosent.
– Eg er svært nøgd med at vi endå ein gong har fått til marknadsforbetringar for norsk sjømat, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) om den viktigaste marknaden til Noreg.
Erstattar Russland
– Til saman har vi fått ein avtale som gjer tilhøva meir føreseielege for næringa, og kvotar som legg til rette for meir tilverking i Noreg av sild og makrell. Det er positivt for industrien i Noreg og viktig for å utvikla nye marknader for desse fiskeslaga no som den russiske marknaden er stengd, .Fiskeeksporten auka med 1,5 milliardar kroner frå første halvår i fjor. Auken kjem trass i handelsstopp med både Russland og Kina.
– Vi har spreidd egga i mange korger og greier oss fint trass i at dei største eksportmarknadane ikkje er tilgjengelege, sa statsråd Aspaker til nettavisa E24 i førre veke.
Rekninga for avtalen Noreg og EU er blitt samde om er på 388 millionar euro i året i perioden 2014– 2021.
Ros frå næringa
Sjømat Norge meiner regjeringa har gjort ein god jobb med den nye avtalen om EØS-midlane, sjølv om dei gjerne skulle hatt meir.– Vi har fleire produkt som framleis har toll, mellom anna røykt laks. Målet vårt er fri tilgang til EU slik annan industri har, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge.Interesseorganisasjonen for den norske fiskeri- og havbruksnæringa er likevel svært godt nøgde med den nye avtalen om EØS-midlane.– Spesielt filetsektoren har vore ramma av høge tollsatsar i EU. At regjeringa har fått betra tilhøva for filetsektoren ser vi svært positivt på. Regjeringa har gjort ein god jobb, seier Ystmark til NTB.11 prosent dyrare
– Dette er ein svært god avtale, meiner europaminister Vidar Helgesen (H) etter halvanna år med forhandlingar.Han kunngjorde i dag at Noreg skal bidra med 388 millionar euro i året – rundt 3,3 milliardar kroner – til 15 av dei mindre velståande landa i EU. Medan tidlegare avtalar har gått over fem år, gjeld denne for sju og åra 2014– 2021.
Den samla prisen dei tre EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein betalar for EØS-avtalen i heile perioden, blir om lag 2,8 milliardar euro. Det er nesten 25 milliardar kroner etter den noverande kursen.
EØS-avtalen har med det blitt i overkant av 11 prosent dyrare. Ifølgje UD er det ein auke som svarar omtrent til inflasjonsjustering i mottakarlanda.
Avtalen må godkjennast av Stortinget og medlemslanda i EU.
Publisert: 20.07.2015 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45