Jon Ketil Gjørtz Bjarte Aambø Johs A Aspehaug Øverbø Gjørtz foto Ogne
TENER MEIR: Vekst på forretningsjus og på oppdrag for offentleg verksemd, kombinert med konsentrasjon om færre felt i privatjussen er med og løfte lønsemda for Øverbø Gjørtz, der Jon Ketil Gjørtz, Bjarte Aambø og Johs Aspehaug er tre av 16 partnarar. Aambø er også dagleg leiar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Får betalt for spissa satsing

I løpet av to år har advokatfirmaet Øverbø Gjørtz auka overskotet med ni millionar kroner.

26.04.2021

- Vi har hatt ein markert framgang, seier partnar og dagleg leiar, Bjarte Aambø, i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.

Han leier det største advokatfirmaet i Møre og Romsdal, som også er eitt av dei største advokatselskapa med hovudkontor utanfor Oslo.

For to år sidan la selskapet ein strategi om å gå frå å vere eit fullservice advokat-selskap, som tok alle typar oppdrag, til å spisse seg inn på færre område.

Både forretningskundar og privat
Selskapet skal framleis drive med forretningsjus og vekse vidare på det feltet, men for privatkundar snevrar selskapet inn satsinga mot spørsmål om fast eigedom (skjønn, oppgjersoppdrag, forbrukerentreprise, avhendingslov mv.), arbeidsrett, arv/generasjonsskifte, skatt- og avgift, tvisteløysning og prosedyre og erstatningssaker. Øverbø Gjørtz satsar og på juridiske tenester for det offentlege.

Selskapet kan framleis ta andre oppdrag, men det er desse felta det vil marknadsføre seg på - og rekruttere til, ifølgje Aambø.

- Selskapet har auka fokus på å knytte til seg dei beste advokatane i regionen innanfor satsningsområdene og er godt i gang med dette arbeidet på alle dei fire avdelingskontora, seier Aambø.

Betaler seg
Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz er eit selskap der lønsemda ikkje kan lesast fullt ut direkte ut av reknskapen. Det skuldast dels at dei 16 partnarane tek ut ein andel av overskotet som arbeidsgodtgjering, dels at partnarane har inntekter får styreverv i eksterne selskap som blir ført som lønsinntekter for den einskilde partnar direkte.

Når dette blir rekna med hadde Øverbø Gjørtz 22 millionar kroner i overskot i 2018 og 31,8 millionar kroner i 2020, seier Aambø. Den overskotsauken er eit resultat av den spissa satsinga, som gi betre lønsemd på oppdraga.

- Når du aukar botnlina med ni millionar så har du gjort noko rett, seier Aambø.

Rekrutterer fleire
Innan året er omme vil Øverbø Gjørtz ha passert 30 advokatar, medrekna partnarane, og planen er å tilsette fleire i dei komande åra ifølgje Aambø.

Han rosar gir "dei meget dyktige og dedikerte medarbeiderne i firmaet" hovudæra for resultata.

- Det er ein fryd å gå i spiss for denne flotte gjengen, seier Aambø.

Kombinert med ei spissa satsing har Øverbø Gjørtz skjerpa krava til inntening hos alle advokatene i firmaet, som eit ledd i å øke lønsemda og dermed gjere det lettare å tilby konkurransedyktige vilkår.

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz as

Tal i mill kroner

2020

2019
Driftsinntekter57,461,4
Driftsresultat15,513,7
Resultat før skatt0,010,01

Publisert: 26.04.2021 06:00

Sist oppdatert: 06.05.2021 19:06

Mer om